88
Brimi Sæter | Gardsovernatting














På Brimi sæter får du oppleve ekte seterliv og kulturhistorie, med glade gardsdyr og vakker natur. Du kan overnatte i gamle seterhus, briskar på låven eller lavvo på tunet.
Velkomen til Brimi Sæter, ei levande seter ved foten av Jotunheimen!
Ta del i seterlivet, nyt fjellufta og flott natur, nyt god seterkost og ureiste måltid og kjenn roa senke seg, berre slik ho gjer her på setra.
Opplevingar og smakar vi håpar og trur vil sitje i kroppen lenge etter at du har reist heim. På Brimi Sæter vil vi at du som gjest skal kjenne på kjensla av å vere ein del av noko ekte.
Våre faste pakkar gjennom året inkluderer alltid ei god oppredd seng, og gode måltid laga med omsorg, og av lokale råvarer, slik at du får ei komplett oppleving av seterlivet.
Overnatting på ulike rom i tradisjonsrike seterhus, og i brisker oppe på låven. Om sommaren har vi også 3 lavoar for utleige.
Ulike sesongar gjennom året
Om våren vaknar setra til liv etter vinterdvalen.
Våren er perfekt for deg som ynskjer ei helgepakke saman med gode vener eller ei stemningsfull feiring i unike omgjevnadar, der natur, mat og gode minner går hand i hand. Frå rundt 20. mai til sommarsesongen startar, tilbyr vi faste helgepakkar med overnatting og gode matopplevingar.
Vi tilbyr 1- døgnspakke og 2- døgnspakke denne tida på året.
Seterkafé på dagtid sommarstid, der vi byr på rettar av lokale råvarer tilberedt med respekt for setertradisjonane.
Vår 4-retters skråpå-tå meny, som er inkludert i alle pakker vi tilbyr på setra, er ein favoritt blant gjestene våre. Denne vert servert kvar kveld om sommaren og kvar laurdag i skuldersesong, og vi tek også imot bordreservasjonar for dei som ikkje ynskjer å overnatte.
Du finn alle pakkene vi tilbyr gjennom året, i web-bookinga vår.
- Gårdsarbeid
- Jakt og fiske
- Natursti
- Lokal mat
- Norsk mat
- Husmannskost
- Lokale matretter
Kilde: Visit Jotunheimen AS
Brimi Sæter | Gardsovernatting