










Brimi Sæter er ein levande fjellseter ved Tesse i Lom - kor gamle setertradisjonar blir halde i hevd i historiske tømmerbygningar. Opplev ysting, dyreliv og signaturmenyen «Skråpå‑tå».
Brimi sæter som byr på unike sæteropplevingar ved Tesse-vatnet, som ligg 870 meter over havet i Lom. Her kan du eta eigenprodusert mat, bli kjent med gardsdyra og sjå korleis mjølka vert til ost. "Skråpå-tå" er ei heilt spesiell matoppleving, der du mellom anna får servert eigenprodusert sæterost som du smeltar på heimesmidde bordgrillar kring langbord på låven. I tillegg til maten får du kulturforteljing, felespel og budeiesong som skapar ei sosial og stemningsfull atmosfære. På Brimi sæter kan du overnatte i historiske seterhus, i laftebriskar på låven eller i lavo, og nyte lokal mat laga frå eigne råvarer. Om sommaren er det ope seterkafé med lokalmatutsal. Setra er open frå vår til haust med aktivitetar som fjellturar, sykling og kulturarrangement – og utvalde helger med julebord i advent. Naturen kring setra inviterer til små og store turar: Bading ved Tesse, rusleturar i Brimiskogen og fottur over Veslvassfjellet eller til Steinbue. Brimi sæter ligg dessutan krinsa av Jotunheimen sine høge fjell og vakre brear - som du når på dagstur frå setera.
Kilde: Visit Jotunheimen AS