Ørsta

Brudevoll Gard og Hytteutleige

  • Bo tett på dyra på Brudevoll gard
  • Bli med på hest- og kjerretur på Brudevoll Gard
  • Geitene koser seg på beite
  • Leig en båt og prøv fiskelykka
  • Kalvene på beite
  • Sauene på garden
  • Hønene på tunet - Brudevoll Gard
  • Flotte turområder for heile familien
  • Nyt utsikte frå Brudevoll Gard
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 93208063

  • Brungotvegen 151

    Ørsta, Møre og Romsdal

    Vis i kart

Opplev gardsturisme og friluftsliv på vakre og ville Sunnmøre. Koselige hytter i eit flott friluftsområde.

Brudevoll Gard tilbyr koselege hytter i eit flott friluftsområde mellom dei vakre Sunnmørsalpane, og driv ein familievennleg gard. Alle aktivitetar på garden er gratis for hyttegjestane. Her er og båtar til leige, så du kan utforske fjorden og skjærgården utanfor Ørsta. Her får du god hjelp med forslag til turar og aktivitetar.

Hyttene

Hyttene er koseleg innreidde med høg standard, er vinterisolerte, og har alt du treng av kjøkkenutstyr, dusj og toalett.

Ting å gjere

I omlandet til Brudevoll Gard og Ørsta er det mange fine dagsturar, for den som er interessert i natur, kultur, bading, matopplevelsar, byliv og mykje anna. Kort veg til kjende stader som Runde og fuglefjellet, Hjørundfjorden og jugendstilbyen Ålesund.

Dyra på garden

Brudevoll Gard er ein familievennleg gard med dyr i fjøset eller ute på beite om sommaren. Her kan du vere med på å mate hønene og kalvane, og plukke egg til frukosten din.

    Kilde: Ålesund & Sunnmøre