Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Kviteseid

Bruene i Kviteseid 175 år

  • Kviteseid bygdetun, Kviteseid
  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview
Details

Ei unik historisk fotoutstilling som viser historia til bruene over Spjotsoddsundet og "Sunde-sundet" frå 1840 til i dag.

Kviteseid er velsigna med to store vassdrag gjennom kommunen. Desse har vore viktige ferdselsvegar både sommar og vinter i hundrevis av år bakover i tida. Med ein god pråm og vande rorskarar var ikkje vegen så lang langs vassdraget. Og om vinteren med ein god is og ein god hest gjorde ein unna mange mil på isen på kort tid.


Annleis var det viss vêret var i mot med regn og vind, eller fjorden låg som ei snøsørpe. Og så hadde ein sjølvsagt problemet når ein berre skulle krysse vassdraget. Trafikken på land auka meir og meir på, og dermed blei vassdraget like mykje eit hinder ein måtte koma seg over som ein viktig ferdselsveg ein kunne fara langs. Då måtte det ferjing til, men det var eit heft på vegen vidare.


Å byggje bru var løysinga mange så for seg tidleg på 1800-talet. Men det var ein lang veg til bruene kom på plass.


Utstillinga viser historia til bruene over "Sunde-sundet" og Spjotsoddsundet me gamle originalfotografi. Den fyrste brua kom i 1840, 175 år sidan i år. Så har det vore ulike brutyper gjennom tidene, inkludert flytebru og svingbru, fram til dei me kan sjå i dag.


Kom og få med deg unike historiske fotografi som ikkje har vore vist før!


Utstillinga er laga av Kviteseid Historielag i samarbeid med Vest-Telemark Museum.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Plenlegg reisen

Tjenester
  • Familievennlig
  • Gratis WiFi

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig
Click to activate
Kviteseid, Norway
The latitude and longitude
59° 21' 18" N / 8° 31' 14" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad