VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Bryggeriruta

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview

Bryggeriruta i Fjordane byr på 3 bryggeri som lager utsøkt handverksøl og cider, god lokal mat, fjord, fjell og kyst!

Bryggeriruta i Fjordane byr på 3 bryggeri som lager utsøkt handverksøl og cider, god lokal mat, fjord, fjell og kyst! Du kan velje om du vil ta ei rundreise langs Bryggeriruta eller besøke bryggeria kvar for seg. Du reiser lett og rimeleg mellom stadane på ruta ved å nytte deg av FJORDcard, der du reiser så mykje du vil i 5 dagar med ekspressbåtane mellom Bergen – Nordfjord og Bergen – Sogn. 


OMVISING OG SMAKING

KINN BRYGGERI: OMVISING OG ØLSMAKING PÅ VESLE KINN
På sommaren kan du bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn. Her får ein komme inn i bryggerilokalet, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri. Det er muleg å bestille omvising og smaking for grupper gjennom heile året. Ta kontakt med post@veslekinn.no for meir informasjon. Billetten frå Kinn Bryggeri: omvising og smaking gir deg rabatt på mat hos Hjørnevikbua Restaurant og Pub.

26. juni – 17. august • Omvising og ølsmaking
Onsdag: 17.00. Fredag: 15.00
Pris: 295,- per person
​​​​​​

KINN BRYGGERI - FLORØ 
Kinn Bryggeri vart starta opp i 2009 av heimebryggjaren og ølentusiasten Espen Lothe, og lager ei rekkje smakfulle øl i engelsk og belgisk stil. «Vi gjere det på gamlemåten» er mottoet til Kinn Bryggeri. Vesle Kinn er ølkaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. Du finn Vesle Kinn i hjartet av Strandgata i Florø. I bakre delen av lokalet har dei det vesle bryggeriet der dei prøver ut nye oppskrifter. Dei tilbyr elles eit rikt utval av øl på tapp og flasker, drinkar, cider, vin, alkoholfrie alternativ og snacks.

Opningstider ølkaféen Vesle Kinn 26. juni - 17. august
Onsdag, torsdag, lørdag: 18 – 00
Fredag: 16 – 00
Opningstider for resten av året og informasjon om arrangement finn du her.

 

ÆGIR BRYGGERI: PRESENTASJON OG SMAKING PÅ ÆGIR BRYGGERIPUB
Ope heile året med dagleg ølsmaking og vikinginspirert meny. Presentasjon og ølsmaking 1. juni  – 1. september kl. 16.00. Sjå andre opningstider her.

ÆGIR BRYGGERI - FLÅM
Ægir Bryggeri er eit mikrobryggeri i den vakre bygda Flåm, innerst i Sognefjorden. Besøk gildehallen i vikingstil med veggar prega av drivved, dragehovud og ein 9 meter høg peis frå golv til tak. Ægir Bryggeri er eit av dei mest kjente mikrobryggeria i Norge, og har vunne mange prisar for ølet sitt. 

 

CIDERHUSET: PRESENTASJON OG SMAKING 
20 Mai – 20 September 
Mandag - fredag kl. 13.00 og 16.00
Butikk med cider kl. 13.00 – 18.00
Restaurant - 20 juni til 20 august, kl. 13.00 – 21.00 unntatt lørdag.

CIDERHUSET - BALESTRAND
Ciderhuset ligg i idylliske Balestrand i Sogn, ein liten spasertur frå kaia og historiske Kviknes Hotel. Her vert det laga eplecider, dessertvinar og fruktdram av frukt frå hagen – og med ein stor porsjon lidenskap! 

Send gjerne ein e-post til post@ciderhuset.no dersom du har spørsmål. 


FJORDCARD
Med Norled sitt FJORDcard kan du reise så langt du vil i 5 dagar med hurtigbåtane i Sogn og fjordane for kun kr 1250. Kjøp ditt FJORDcard på Strandkaiterminalen i Bergen eller ombord på ekspressbåtane. 
 

VIL DU VITE MEIR?
Ta kontakt med Visit FjordKysten om du har spørsmål om bryggeriruta!
Tlf: 57 74 30 00
E-post: mail@fjordkysten.no

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages