Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Tokke

Brynesteinsbrot i Eidsborg

  • Eidsborg, Museumsvegen 24, Tokke
  • +47 35 06 90 90
  •  /  km From You
Overview

I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite.

Brynestein frå Eidsborg er den eldste eksportartikkel i Noreg. Med samanhengande produksjon frå vikingtida og fram til rundt 1950, la denne verksemda grunnlag for Telemarkskanalen som transportåre og ein rik handel. Vest - Telemark Museum i Eidsborg har eiga temautstilling om brynestein. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite. Seinare blei steinen nytta til fredelegare formål. Brynesteinen blei fyrst rodd ned Telemarkskanalen eller køyrd med hest på isen og deretter skipa til utlandet og seld til god pris. Slik har brynesteinsbrotet i Eidsborg heilt opp til nyare tid forsynt skogbruk og handverk i inn- og utland med god brynestein. Frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg går det turstig opp til eit av brynesteinsbrota.

 

Visste du at det no er funne brynestein på New Foundland som dei meiner kjem frå Eidsborg, og som igjen stadfester norrøn busetnad i Amerika rundt år 1000? Brynesteinen frå Eidsborg er ei heilt særmerkt historie, og kan fortelje oss om handel, kontakt og hendingar langt attende i tid.

Eidsborgbryne er ein skifra kvartsitt som eignar seg særskild godt for å bryne opp alt som skal vere skarp. Av desse vart det laga bryne til nåler, ljå, kniv, piler, øksar og sverd, og utvinninga av brynestein går i alle fall attende til år 700. Dette er òg ei lang og samanhangande historie, sidan den heldt på i større målestokk heilt fram til 1950. Handelen og transporten av brynesteinen gjekk i all hovudsak vassvegen gjennom fylket, frå Lastein bryggje på Dalen til Gråten i Skien, og var ein aktivitet som batt fylket saman. Mange vart sysselsett med omlasting og transport forbi fossar og stryk før kanaliseringa.

Eidsborgbryne vart tidleg etablert som ei fast vare i Nordsjø-handelen, og er i dag ei svært viktig kjelde innan arkeologien for å forstå handelsruter og samkvem frå til dømes vikingtid og mellomalder. Og stadig vert det gjort funn og nye analyser som gjev ny kunnskap. Pågåande forskingsprosjekt no er eit postdoktorprosjekt ved Irene Baug ved Universitetet i Bergen og Dr. James H. Barret ved Cambridge, som begge har Eidsborgbryne som kjeldemateriale for sine studie av handelsvegar i vikingetid. Som del av desse studia vert sjølve steinen analysert, slik at ein kan vere sikrare på opphavet til steinen. Vest-Telemark Museum har bistått arbeidet, og me gler oss veldig til å sjå resultata.  


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Click to activate
Tokke, Norway
The latitude and longitude
59° 28' 18" N / 8° 1' 50" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad