Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Brynesteinsbrotet

I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite. Sjå innhaldsrik brynesteinsutstilling på Vest-Telemark museum Eidsborg og vandre opp i brota.

Eidsborg er det største og lengstlevande produksjonsområdet for brynesteinar ein kjenner til, både i og utanfor Noreg.

Produksjonen av Brynestein frå Eidsborg  har gått føre seg i opne dagbrot, og ved dei største steinbrota ligg det enorme skrothaugar (i Eidsborg kalla for uslehaugar) framfor og rundt hogstbrota.

Transporten ut gjekk i hovudsak på Telemarksvassdraget, og slik la denne verksemda grunnlag for ein rik handel og kontakt med omverda. Vest-Telemark Museum i Eidsborg har eiga temautstilling om brynestein.

Så lenge ein har hatt stål har ein hatt bruk for bryne, om det var til å kvesse opp ljå, sigd, nål, kniv, øks, piler eller spyd. Eidsborgbryne av lysegrå skifer eignar seg svært godt til dette. Den var også lett å drive ut og vart truleg snart ei etablert merkevare. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg også eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite i 1184.

Visste du at det er funne brynestein på New Foundland som dei meiner kjem frå Eidsborg, og som igjen stadfester norrøn busetnad i Amerika rundt år 1000? Brynesteinen frå Eidsborg er ei heilt særmerkt historie, og kan fortelje oss om handel, kontakt og hendingar langt attende i tid.

Utmarksressurs

Brynesteinen blei fyrst frakta med hest ned til Lastein bryggje på Dalen, og deretter rodd ned vassdraget eller køyrd med hest på isen og deretter skipa til utlandet og seld til god pris. Slik har brynesteinsbrota i Eidsborg heilt opp til nyare tid forsynt inn- og utland med god brynestein.

Eidsborgbryne vart tidleg etablert som ei fast vare i Nordsjø-handelen, og er i dag ei svært viktig kjelde innan arkeologien for å forstå handelsruter og samkvem frå til dømes vikingtid og mellomalder. Og stadig vert det gjort funn og nye analyser som gjev ny kunnskap.

Dei seinare åra har ein fått større forståing for kva innlandet og utmarksressursane hadde å seie for utviklinga som leidde fram til vikingtida, og seinare til framveksten av det nasjonale kongedømet. Utan jern, tjøre, brynestein, ull, horn, skinn og pelsverk ville ein ikkje hatt føresetnader for oversjøisk handel, hegemoni på havet eller militær makt.

Storskalaproduksjon

Ifylgje nyare forskning er det derimot ingen sikre funn av eksporterte eidsborgbryne før 800-talet. Dette kan kanskje tyde på at storskalaproduksjonen av bryne i Eidsborg byrja fyrst nokre få år etter år 800. Ein kan likevel ikkje sjå vekk frå at det har vore produksjon i Eidsborg før 800-talet, men så langt manglar ein sikre funn som kan bekrefte dette. Ut frå undersøkingane i danske Ribe og norske Kaupang ser det dermed ut til at brynesteinsproduksjonen i Eidsborg har starta ca.100 år etter utvinninga i Mostadmarka i Trøndelag.

Vest-Telemark Museum, Vestfold og Telemark fylkeskommune og interesseorganisasjonen Vikinger i Vestfold og Telemark inviterte i 2021 inn til det fyrste Eidsborgseminaret. Målet er at ein gjennom fleire seminar og artiklar kan få dekt heile perioden fra dei fyrste brynesteinane vart brotne ut og slipte til, truleg på 700-talet, og fram til den siste brynesteinslasta gjekk med båten ned Telemarksvassdraget i 1952.

Kor mange steinbrot som finst, er noko usikkert, men Vestfold og Telemark fylkeskommune er i gang med ei nærare kartlegging av steinbrotslandskapet i Eidsborg.

Frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg går det turstig opp til eit av brynesteinsbrota. Turen er tilrettelagd med skilting og informasjon undervegs.

Les om vandrerute til brota

Last updated: 03/07/2024

Source: Vest Telemark

Brynesteinsbrotet

Sider du nylig har besøkt