Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sveio

Buavåg - Båthavn

  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

I Sveio båtforening si båthamn i Buavåg, er det 4 plassar til disposisjon for gjester. Båthamna ligg like ved fergekaien i Buavåg. Kaiområdet er nyleg opprusta med m.a. nyoppussa venterom med tilgang til dusj og toalett. Ved båthamna er det óg rampe for båtopptrekk, tennisbane og bosscontainer. Bussforbindelse til Haugesund.
Kjem ein nordfrå med båt, er Buavåg ei av dei siste hamnene før turen går over verharde Sletta.
Attraksjonar og opplevingar: Like ved båthamna ligg eit sjøhus frå 1700-talet, som blir nytta som kulturbygg i samband med ulike arrangement. Det er óg merka tursti frå Buavåg til Hovda, der det blei tatt ut gull på 1870-talet. Løypa følgjer Nordsjøløypa, som held fram heilt til Ryvarden gjennom flott, ope kystterreng. Like nord for Buavåg ligg Grunnavåg, der det er fint å bade. På Kvitaneset, mellom Buavåg og Grunnavåg, finn du ei gravrøys frå bronsealderen. Om ein heller vil bade i ferskvatn, er det laga til ein flott badeplass ved Storavatnet, ca 2 km nord for Buavåg.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 32' 30" N / 5° 21' 6" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad