Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Fjaler

Bubilcamp i Dale

Velkomen til Dale - ei sjarmerande fjordbygd med eit godt utval av butikkar og kafêar. Her kan du oppleve både natur- og kulturopplevingar på nært hald. Besøk fødestaden til Jakob Sande, bli med på teaterfestivalen, og utforsk eit rikt utval av merka turløyper og fjord- og kystopplevingar innan korte avstander. 

I Dale finn du to oppstillingsplassar for bubil og campingvogner. Dei ligg på Øyra og på fergekaia. 

ØYRA
Øyra ligg på andre sida av elva ved Dale kyrkje i retning Bjerga. Her er det 4 straumuttak og tilgong til vatn i slange (ved brakkerigg). Området er idyllisk vendt mot Storelva og Dale kyrkje, men har ein grusplass i bakkant med noko innkøyring. Det kostar kr. 100,- i døgnet inkludert straum og vatn på Øyra. 

FERGEKAIA
Ved fergekaia er det ikkje tilrettelagt med straum eller vatn, men du vil stå fint til med utsikt over fjorden. Det kostar kr. 50,- i døgnet å stå her. 

BETALING
Du kan betale på Vipps til nummer #612457. Merk gjerrne meldinga med registreringsnummer. 
Har du spørsmål kan du ringe til Fjaler kommune på 57 73 80 00. 

Kilde: Visit FjordKysten

0

Bubilcamp i Dale

Sider du nylig har besøkt