Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Askvoll

Bubilparkering på Værlandet og Bulandet

Velkomen til Værlandet og Bulandet. Her ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer og 11 km veg. Desse øyane er eit populært reisemål for dei som liker sykling, padling, fiske eller fotturar. Det er herleg å dra på øyhopping mellom mylderet av øyer med sykkel frå Værlandet til Bulandet. På Bulandet og Værlandet er det 3 ulike bubilparkeringar. Alle parkeringsområda har begrensa plass så ring gjerne i forkant for å avtale. 

Velkomen til Værlandet og Bulandet. Her ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer og 11 km veg. Desse øyane er eit populært reisemål for dei som liker sykling, padling, fiske eller fotturar. Det er herleg å dra på øyhopping mellom mylderet av øyer med sykkel frå Værlandet til Bulandet. 

På Bulandet og Værlandet er det 3 ulike bubilparkeringar. Alle parkeringsområda har begrensa plass så ring gjerne i forkant for å avtale. 

Hos Bulandsferie kostar det 300kr per døgn. Her får ein tilgong til dusj og toalett, straum, vatn ute og inne, samt bruk av fellesområda med bord på kaia. Bulandsferie har plass til to bubil/campingbil, og eventuelt 2 telt. Det er også plass til eit viss antall båtar.
Telefonnummer til Bulandsferie er 91691918. Meir informasjon om området finn du her

Nikøy Gjestebrygge på Bulandet kostar 100kr per døgn. Her får ein tilgong til servicehuset på gjestebrygga. Telefonnummer til Nikøy Gjestebrygge er 57732144.

Værlandet Gjesteheim tilbyr bubilparkering ved Værlandet Gjesteheim. Her er det straum, dusj og toalett. Bubilparkeringa kostar 210kr per døgn og straum kjem som tillegg på 40kr per døgn. Telefonnummeret til Værlandet Gjesteheim er 900 35 794

Kilde: Visit FjordKysten

0

Bubilparkering på Værlandet og Bulandet

Sider du nylig har besøkt