Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Bufjordstigen på Dalen

Book

Sjarmerande tur langs Telemarkskanalen, forbi historiske Dalen Hotel og vakre Soria Moria sauna, gjennom "jungel" ved elvedeltaet på Buøy.

LETT TUR med kultur, historie og fiske.

Turen startar ved Lastein (Dalen) Bryggje, (legge stein i la). Her var utskipingsplass for den kjende brynesteinen frå Eidsborg, Noregs eldste eksportartikkel. Her legg båtene på Telemarkskanalen til. Historia om livet på Telemarkskanalen kan du sjå på Dalen Bryggjeustilling og på Lastein bryggjekafé kan du nyte eit godt måltid. 

Frå bryggja passerar du ei fin badestrand og går vidare over Eidsborgbekken. Turen går no forbi Tangane, eit viktig friluftsområde med idyllisk furuskog. Her får du innsyn til Dalen Hotel frå hagen.

Soria Moria sauna blenkjer som eit smykke i Bandak. 

Tokkeåi kryssar du via ein ”hoppeterskel” i stein. Ved høg vannstand må ein rekne med å gå vegen i staden.

På Buøy fylgjer du natursti gjennom ein fascinerande "jungel" der ein fleire stader kjem ned til elva med fine fiskeplassar og ei rikhaldig beverstamme. Fiskekort for Tokkeåi og Bandak får du kjøpt på fishspot.no

Idylliske Buøy Camping er ein flott stad å campe for natta. 

Turen går attende gjennom Dalen sentrum, med ei intim handlegate, blomstertorg, butikkar, kafétilbod og Tokke kommunehus med skulpturar av Anne Grimdalen og Charles Michalsen og kommunestyresal kledt i brynestein. 

Turen er delvis universelt utforma. 

Turfakta:

Tilgang: april til oktober 

Høgste punkt: Dalen 75 moh 

Skotøy: valfritt 


Last updated: 03/26/2024

Source: Vest Telemark

Bufjordstigen på Dalen

Book

Sider du nylig har besøkt