














Ved kanten av storhavet ligg Bulandsferie. Bu i rorbu, sjøhus eller ei hytte midt i det levande fiskeværet
Ta eit pusterom og nyt stillheita og kvilepulsen i øysamfunnet Bulandet. Bulandsferie ligg like ved sjøen, i eit særprega og hyggeleg miljø. Alle dei små øyane og smale sunda gjer Bulandet til eit unikt samfunn.
Bulandsferie ligg i eit levande fiskevær som har overlevd alle stormane så langt. Bueiningane kjem med historie, og har unekteleg sjel i veggane. Rorbua er godt over 120 år gamal, så her kan du lytte etter historisk sus og høyre sjøen som skvalpar under bygget. Kvar eining har sin eigen melodi.
Bulandsferie har seks utleige einingar, alle med kvar sitt preg.
Overnatt i dei flotte rorbuene, Buatoppen, Sørbu eller Nordbu. Kvar eining har to soverom med fire soveplasser. Buatoppen har ein liten hems i tillegg. I underetasjen finn du sløyeplass, felles fryseboks, utemøblar og utepeis som er fin å bruke på litt kjøligare kveldar.
I sjøhusleiligheitene Pernillebu 1 og Pernillebu 2 finn du to soverom med 4 soveplassar. Det er felles terrasse med inngong til desse to einingane.
Den siste eininga, Pernillehytta, har tre soverom og seks sengeplassar. Her har du ein liten terrasse med tilhøyrande utemøblar, i tillegg til at du er i nærheita til eit felles uteareal med Pernillebu. Her finn du kai, sløyeskur, sløyebenk og utemøblar.
Bulandsferie tilbyr sluttvask og sengetøy mot gebyr. Det er mogleg å leige båtar som er 14 og 15 fot. (med 5.5/9.9hk motorer). Det er også mogleg å leige sykler og kajakk.
Bulandsferie ligg i øysamfunna Bulandet og Værlandet som er Norges vestlegaste bebudde øysamfunn. Her har du kort avstand til fiskeplassar, daglegvarebutikk, sykkelparadis, levande kunstmuseum og gode matopplevingar.
Frå Askvoll sentrum tar du ferga som går til Værlandet. Frå Værlandet er det om lag 10 kilometer med veg til Bulandsferie. For informasjon om fergeruter, sjå fjord1.no
Det er mogleg å parkere med bubil, eller å sette opp telt etter avtale. Om du kjem med båt er det ein fin gjestehamn/kaiplass du kan benytte deg av. Her vil du ha tilgang til dusj/wc.
How to get there
Frå Askvoll Ta ferje frå Askvoll til Værlandet. Sjå www.kringom.no for rutetider til ferja (Frå: Askvoll kai, Askvoll. Til: Værlandet ferjekai, Askvoll). Frå Værlandet kai til Bulandesferie på Bulandet (ca. 10 km) kan du kjøyre eigen bil eller ta buss. Sjå www.kringom.no for rutetider for bussen. Det er flott å sykle frå Værlandet til Bulandsferie. Syklar kan leigast på kaia i Værlandet hos Værlandet Handel. Du kan reservere sykkel ved å ringe til Værlandet Handel på 5773 0120. Frå Bergen Ta ekspressbåt frå Bergen til Askvoll. På www.norled.no kan du sjå rutetider og kjøpe billett. Frå Askvoll tek du ferje til Værlandet. Sjå www.kringom.no for rutetider til ferja (Frå: Askvoll kai, Askvoll. Til: Værlandet ferjekai, Askvoll). Frå Værlandet kai til Bulandsferie (ca. 10 km) kan du ta buss. Sjå www.kringom.no for rutetider for bussen. Det er flott å sykle frå Værlandet til Bulandsferie. Syklar kan leigast på kaia i Værlandet hos Værlandet Handel. Du kan reservere sykkel ved å ringe til Værlandet Handel på 5773 0120. Frå Florø Ta ekspressbåt frå Florø til Askvoll. På www.norled.no kan du sjå rutetider og kjøpe billett. Frå Askvoll tek du ferje til Værlandet. Sjå www.kringom.no for rutetider til ferja (Frå: Askvoll kai, Askvoll. Til: Værlandet ferjekai, Askvoll). Frå Værlandet kai til Bulandsferie på Bulandet (ca. 10 km) kan du ta buss. Sjå www.kringom.no for rutetider. Det er flott å sykle frå Værlandet til Bulandsferie. Syklar kan leigast på kaia i Værlandet hos Værlandet Handel. Du kan reservere sykkel ved å ringe til Værlandet Handel på 5773 0120. Frå Solund Frå midten av juni til slutten av august kan du bli med Postbåten frå Hardbakke i Solund til Nikøy kai på Bulandet. Les meir om turen her www.fjordkysten.no/oyhopping. Frå Nikøy til Bulandsferie (1 km) kan du gå, sykle eller ta buss. Syklar kan ein leige hos Joker Bulandet på Nikøy kai. Du kan reservere sykkel ved å ringe til Joker Bulandet på 5773 21 44. Sjå www.kringom.no for rutetider for buss. Resten av året kan du reise frå Solund til Bulandet via Askvoll. Ta då buss til Krakhella, ekspressbåt til Askvoll og ferje til Værlandet, før du reiser til Bulandet med enten bil eller buss.
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord