Bulandsferie















Ved kanten av storhavet ligg Bulandsferie. Bu i rorbu, sjøhus eller ei hytte midt i det levande fiskeværet
Ta eit pusterom og nyt stillheita og kvilepulsen i øysamfunnet Bulandet. Bulandsferie ligg like ved sjøen, i eit særprega og hyggeleg miljø. Alle dei små øyane og smale sunda gjer Bulandet til eit unikt samfunn.
Bu i eit levande fiskeværBulandsferie ligg i eit levande fiskevær som har overlevd alle stormane så langt. Bueiningane kjem med historie, og har unekteleg sjel i veggane. Rorbua er godt over 120 år gamal, så her kan du lytte etter historisk sus og høyre sjøen som skvalpar under bygget. Kvar eining har sin eigen melodi.
6 utleige einingarBulandsferie har seks utleige einingar, alle med kvar sitt preg.
RorbueneOvernatt i dei flotte rorbuene, Buatoppen, Sørbu eller Nordbu. Kvar eining har to soverom med fire soveplasser. Buatoppen har ein liten hems i tillegg. I underetasjen finn du sløyeplass, felles fryseboks, utemøblar og utepeis som er fin å bruke på litt kjøligare kveldar.
PernillebuI sjøhusleiligheitene Pernillebu 1 og Pernillebu 2 finn du to soverom med 4 soveplassar. Det er felles terrasse med inngong til desse to einingane.
PernillehyttaDen siste eininga, Pernillehytta, har tre soverom og seks sengeplassar. Her har du ein liten terrasse med tilhøyrande utemøblar, i tillegg til at du er i nærheita til eit felles uteareal med Pernillebu. Her finn du kai, sløyeskur, sløyebenk og utemøblar.
Praktisk informasjonBulandsferie tilbyr sluttvask og sengetøy mot gebyr. Det er mogleg å leige båtar som er 14 og 15 fot. (med 5.5/9.9hk motorer). Det er også mogleg å leige sykler og kajakk.
Kor ligg Bulandsferie?Bulandsferie ligg i øysamfunna Bulandet og Værlandet som er Norges vestlegaste bebudde øysamfunn. Her har du kort avstand til fiskeplassar, daglegvarebutikk, sykkelparadis, levande kunstmuseum og gode matopplevingar.
Korleis komme seg til BulandetFrå Askvoll sentrum tar du ferga som går til Værlandet. Frå Værlandet er det om lag 10 kilometer med veg til Bulandsferie. For informasjon om fergeruter, sjå fjord1.no
Bubil og teltDet er mogleg å parkere med bubil, eller å sette opp telt etter avtale. Om du kjem med båt er det ein fin gjestehamn/kaiplass du kan benytte deg av. Her vil du ha tilgang til dusj/wc.
- Hele året
- Parkering
- Gratis WiFi
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Bulandsferie