VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland STAD

Buldresenter | Hamna Aktivitetssenter

  • Osvegen 10, Nordfjordeid
  • +47 41365547
  •  /  km From You
Overview

Ta familien med til Nordfjord sin største buldrehall på Hamna Aktivitetssenter i Nordfjordeid.

Buldring er ein enkel form for klatring der det einaste utstyret ein treng er klatresko og kalk. Her blir ein sett på prøve både teknisk, psykisk og fysisk. Buldreveggen har ein maks høgde på 4.5 m.
Buldring på Hamna skjer over ein 30 cm tjukk madrass som er lagt i alle fallsoner og er i samsvar med forskrifter. Dei ulike rutene du kan prøve deg på er merka med fargekodar, der fargane fortel deg kva vanskegrad ruta er i.

Buldring er leikent og sosialt, og denne formen for trening kan gjerast ilag med andre uavhengig av alder, erfaring og fysikk. Dette er fordi ulike vanskegrader av ruter er ved sidan av kvarandre, og buldringa kun er avhengig av deg sjølv og ikkje alle andre. Dette er ein perfekt familieaktivitet der alle i familien kan vere i aktivitet saman utan at ulikheitane er til hindring for å ha det kjekt ilag. I buldrehallen er det stor variasjon av buldre med ulik vanskegrad, og dei er satt opp av erfarne ruteskruarar. Buldra vert heile tida skifta ut slik at det alltid skal være nye utfordringar for alle.

Buldring er også både ein innandørsaktivitet og ein utandørsaktivitet. I Nordfjord er det fleire områder som er utvikla for buldring og mange områder er også under utvikling.
Alle som bruker buldreveggen må gjere seg kjend med «Buldrevettplakaten» slik at alle er trygge i buldreområdet.

Barn under 12 år må være i lag med ein vaksen i buldrehallen.

Opningstider:
Mandag - Fredag: 09.00-21.00
Lørdag og Søndag: 10.00-20.00

Merk at drop-inn prisene gir tilgang til heile Hamna Aktivitetssenter som har eige klatreavdeling for barn, buldrehall og fullverdig treningssenter med gruppetimar. Dersom foreldra ønsker å nytte fasitlistene utover barnepass av eigne barn må dei også betale drop-inn pris. I tillegg finnes det ein klatrebutikk og moglegheit for bursdagsfeiring for barna. Eigne regler og aldersgrense i buldreveggen og treningssenteret må følges for alles sikkerheit.

Vi møtast på Hamna!


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord

Opening hours

Merk at buldreveggen kun er åpen når senteret er bemanna. Dette gjeld fram til trappehuset er ferdig.
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages