Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Eid

Bygging av Myklebustskipet | Sagastad

  • Sagastad, Øyane 11, Eid
  • +47 57862200
  •  /  km From You
Overview

"Midt i Nordfjord ligg eit gigantisk vikingskip. Eg følte meg liten der eg steig om bord i Myklebustskipet som er under bygging. Eg har besøkt både Osebergskipet og Gokstadskipet på Bygdøy, men dei er berre livbåtar å rekne i forhold til dette skipet. Eg gler meg til å kome tilbake neste år, då skal både senteret Sagastad stå ferdig i tillegg til at Myklebustskipet i full målestokk, 30 m langt og 6,5 m breitt, pryde senteret".
Fred Syversen

Dei store norske skipsgravene frå vikingtida er unike i verdssamanheng. Myklebustskipet frå Nordfjordeid på Vestlandet er det største vikingskipet som er funne spor av i Noreg, med ei estimert lengd på over 30 meter. Våren 2019 opnar Sagastad - eit kombinert viten- og opplevingssenter ved fjorden i Nordfjordeid sentrum. Ein sentral del av utstillinga i Sagastad er Myklebustskipet, det største vikingskipet ein har funne restane av i Norge. Skipet vert bygd i full målestokk, ca. 30 m langt og 6,5 m breitt. Skipet skal kunne seglast på fjorden, men vil store deler av året vere utstilt i og ein av hovudattraksjonane i Sagastad. Publikum kan følge bygginga til faste tider.

Om Myklebustskipet
Myklebustskipet vart greve ut av «Rundehåjen» på garden Myklebust på Nordfjordeid i 1874, fleire år før Gokstad (1880) og Oseberg (1904). Myklebustskipet skil seg frå Oseberg- og Gokstadskipet ved at det vart brent ved gravferda. Skikken med å brenne skipet ved gravferda var typisk for Vestlandet på 700- og 800-talet. Myklebustskipet er både den siste og den største branngrava vi kjenner frå vikingtida.

Dimensjonane på Myklebustskipet kjenner vi mellom anna gjennom askelaget som vart funne i gravhaugen, som er 30 meter i tverrmål og fire meter høg, med ei brei vollgrav rundt (vollgrava vart gjenfylt på 1800-talet).

Det er grunn til å tru at det er Kong Audbjørn av Fjordane som ligg gravlagd i Myklebustskipet. Han er omtala i sagaen, og fall i slaget ved Solskjel på Nordmøre i år 876. Det passar godt med dateringa av funna i gravhaugen.

Røynde båtbyggjarar frå Bjørkedalen i Volda starta hausten 2016 å byggje det  nye Myklebustskipet slik vi trur skipet kunne sett ut. Bygginga skjer i ein hall ved fjorden på Nordfjordeid – rett ved der Sagastad skal stå ferdig i 2019, og ca 300 meter frå der skipet vart funne. Hallen vil bli opna for publikum på faste tidspunkt i byggjeperioden, slik at ein kan sjå skipet bli til.

Når Myklebustskipet vert sjøsett i 2019, kan vi som dei fyrste sidan Kong Audbjørn og hans menn for 1.150 år sidan, oppleve å segle på Nordfjorden i Noregs mektigaste vikingskip.

Sjå reportasje frå NRK her.
Sjå artikkel om bygginga her. 

Ta kontakt for å bestille visning med forteljing.

Prisar inngongsbillettar 2018
Vaksen kr. 100,-
Born 6 – 15 år kr. 50,-. Born under 6 år gratis
Familie (2 vaksne, 3 barn) kr. 300,-

Grupper:
Grupper, forhandsbetalt * kr. 80,- pr. person
Grupper, forhandsbetalt **, omvisning m/smak av Nordfjord kr. 200,- pr. person
Grupper, forhandsbetalt **, omvisning m/smak av Saga kr. 300,- pr. person
Forteljing v/Sagavert kr. 800,-
* Grupper = min 20 personar
**Grupper skal ha stadfesta si bestilling min. 7 dagar før.

Gruppepris gjeld ved forhandsbetaling.

Avbestilling skal skje 14 dagar før ankomst for å unngå avbestillingsgebyr. Avbestilling seinare enn 14 dagar før ankomst: Kr 500,-. Avbestilling seinare enn 7 dagar før ankomst: Kr 1.000,-

Meir detaljert info her. 

Det er førehandssal av billettar: post@sagastad.no. Kan også tingast pr. telefon 952 65 872, evt. SMS.

Visning utanom opningstider på førespurnad. Opent alle dagar for forhandsbestilte grupper. Grupper skal forhandsbestille. Grupper = min. 20 personar.

NB - kontant betaling inntil vidare.


  • Last Updated:

Opening hours

14. apr 2018 – 14. apr 2018:
lør 12:00–14:00
23. jun 2018 – 11. aug 2018:
tirs ons tors fre lør 11:00–14:00
See All

Price

Description Price*
Voksne (fra 16 år) Vaksne 100,00 Billetter
Familiebillett 300,00 1 dag
Barn 6-15 år Born 6-15 50,00 1 dag
* Price from
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad