Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Vågå

Café Gjendeosen

På Café Gjendeosen får du servert mat med utsikt før og etter turen over Besseggen.

Café Gjendeosen tilbyr fjellmat for fjellfolk. Cafeen ligg på brygga der Gjendebåten går frå, og er ein naturleg stad for kvile og energipåfyll før og etter tur.

Her kan du òg ta ein tur om du vil eta god mat med vakker utsikt over Gjende og Gjendealpane. Og om sommaren kan du nyte livet på den store uteterrassen som ligg rett ved vatnkanten til smaragdrøne Gjende.

Menyen på kaféen har fleire lokale rettar på menyen, både lunsj og middag, som endrar seg ut i frå sesong. Nystekte vafler, heimelaga kanelsnurrar og ferskt brød står alltid på menyen. Her får du òg kjøpt "Besseggenmatpakke", som er ei fersk matpakke med variert pålegg, lokalmat og dagens frukt.

Cafe Gjendeosen har òg kioskvarer og souvenirer.

Her er det alltid ope ein time innan første båt, og cafeen stenger ein time etter at siste båt har kome attende til brygga ved Gjendeosen. I høgsesong er det ope lenger utover kvelden.

Opningstider:
06:45 – 21:00 i høgsesong – lengre ope ved arrangement
08:30 – 18:15 i lågsesong.

Sjå òg rutetidene til Gjendebåten for nøyaktige opningstider.

Kilde: Visit Jotunheimen AS

0

Café Gjendeosen

Sider du nylig har besøkt