Myrdal

Cafe Rallaren

  • Cafe Rallaren
  • Cafe Rallaren
  • Cafe Rallaren
  • Cafe Rallaren
  • Cafe Rallaren
  • Cafe Rallaren
  • Cafe Rallaren
  • Cafe Rallaren
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • 57 63 37 56

  • Rallarvegen I

    Aurland, Vestland

    Vis i kart

Café Rallaren ligg på Myrdal stasjon ved Bergensbanen 867 moh. Dette er knutepunktet som bind Flåmsbana saman med Bergensbanen.

Midt på høgfjellet, 867 meter over havet, ligg Cafe Rallaren idyllisk til på Myrdal Stasjon



– på toppen av den verdsberømte Flåmsbana.



Her, omgitt av storslått natur og frisk fjelluft, finn du ein unik stoppestad for reisande, syklistar og fjellvandrarar.



Mat & Drikke



Cafe Rallaren serverar både varme og kalde rettar, og har skjenkebevilling. Kjøkkenet byr ofte på tradisjonelle rettar som rømmegraut og smakfull suppe. Tilbodet varierer frå dag til dag, og desse rettane står derfor ikkje fast på menyen – noko som gjer kvart besøk til ei lita overrasking.



Skal du sykle Norges vakraste sykkeltur langs Rallarvegen?



Då kan du bestille ein praktisk Take Away lunsjpakke som gir deg god energi på vegen ned dei spektakulære fjellsidene. Ein stopp på Cafe Rallaren før eller etter sykkelturen set prikken over i-en på opplevinga.



Sesong



Cafeen held open frå slutten av mars til slutten av november, i takt med sesongen på fjellet. For å komme hit må du ta toget, sykle eller gå – det finst nemleg ingen bilveg til Myrdal Stasjon. Nettopp det gjer besøket ekstra spesielt. Turen hit er ein del av opplevinga, og når du først kjem fram, ventar varm mat, god stemning og ekte fjellro.


Kilde: Visit Sognefjord AS