Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Sunnfjord Fjaler

Camping - Lammetun Ferie og Fritid

  • Lammetun, Fjaler
  • +47 90652490
  •  /  km From You
Overview

Campingplass med utsikt til Vilnesfjorden og det majestetiske fjellet Alden.

Lammetun Ferie og Fritid ligg heilt vest i Fjaler kommune på ei landfast øy som heiter Lammetun, omlag 3 timars køyring frå Bergen. Frå campingplassen har du utsikt til den vakre Vilnesfjorden.

Vi har 20 faste plassar, i tillegg har vi fleire ledige plassar for tilreisande - dersom du ynskjer å ta bubilen eller campingvogna med deg og ta turen ut til kysten. Om du ynskjer å telte er det god plass til det. På campingplassen finn du sanitæranlegg med toalett og dusj. Det er og mogleg å tømme toaletta sine her for dei som har uttakbare toalett.

Om du ynskjer å sjå bilete frå campingplassen gå inn på vår heimeside: www.lammetun.no/camping

 

PRISAR
Bubil/campingvogn utan straum: kr. 250,- pr. døgn
Bubil/campingvogn med straum: kr. 300,- pr. døgn
Telt: Kr. 190,- pr. døgn

 

BÅT- OG KAJAKKLEIGE
Har du lyst til å ta deg ein tur på sjøen kan du leige båt med påhengsmotor og kajakk av Lammetun Feire og Fritid. Båtane er 15 fot og har ein motor med 15 hk. Det er mogleg å leige båtar og kajakk på både dags- og vekesbasis. 

 

AKTIVITETAR
I området er det plassert ut benkar og bord. Her finn du bålgruver, bålpanner og ved slik at du kan slappe av og kose deg i vakker natur. Elles ligg vi nær fjell som har merka stiar, til dømes; «Einingsfjellet», «Bygdeheia» og «Alden». Her er det mykje bær og sopp for dei som likar å plukke det.

Vi tilbyr og aktivitetar som paintball, havrafting, frisbeegolf, paddle boards.

Lammetun Kystfort ligg like ved. Her har vi eit velholdt festningsanlegg frå 2. verdskrig. I hovudbunkersen er det hengt opp lokale bilete frå krigen, og i utkikkstårnet kan du sjå hjelpeteikningar/ målingar gjort av tyskerane for å betre lese posisjonen til skipa ute på fjorden.

For meir informasjon om våre aktivitetar, sjå vår heimeside: www.lammetun.no/aktivitetar

 

BOOKING
Epost: Booking@lammetun.no
Mobil: +47 90 65 24 90


Du finn oss også på:
www.lammetun.no
www.tripadvisor.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages