Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Runde

Christineborg Gjestehus – kurs, konferanse og selskap

Sunset

Treng du eit lokale til eit spesielt arrangement? Christineborg Gjestehus tilbyr unike konferanse- og selskapslokale, matservering og overnatting til lukka lag.

Eit møte utanom det vanlige

Somme gongar kan det gjere godt å kome seg bort frå dei vande omgjevnadane og hente ny inspirasjon. Legg du di neste samling, kurs eller arrangement på Christineborg, får du ro til å fokusere, tenke nye tankar eller feire på ein heilt spesiell måte. Havet, fjellet, vêret og naturen ligg rundt deg på alle kantar og gir ei spektakulær kulisse til det som skal skje.

Christineborg har fleire møterom med storskjerm og diverse utstyr og ein stor og open spisesal med alt du treng for arrangementet ditt. Har du bruk for møtemat, turniste, frukost, buffé eller ein trerettars middag, står kokken klar til å gje deg ei smakfull oppleving.

Fasilitetar og overnatting

I hovudbygget finn du resepsjon, lobby, trivelege opphaldssoner, toalett, spisesal og konferanse/selskapslokale. I dei to sidefløyene ligg 29 rom for overnatting, 19 dobbeltrom og 10 einerom.

Aktivitetar

Ikkje langt frå Christineborg ligg fuglefjellet, som er et populært reisemål for tilreisande til Runde. Her kan du observere fuglelivet, høyre gamle historier frå guidar og bli med på minneverdige vandreturar. Christineborg Gjestehus har oversikt over forholda oppover fuglefjellet, og når dei lokale båtførarane tek runden rundt øya.

Runde Miljøsenter ligg også i nærleiken. Her ligg blant anna delar av skatten frå det hollandske skipet «Akerendam», som gjekk ned utanfor øya i 1725. Her kan du etter avtale bli med på fuglesafari til fuglefjellet med eigen guide.

Ta kontakt med Christineborg Gjestehus for prisar og tilgjengeligheit.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Christineborg Gjestehus – kurs, konferanse og selskap

Sider du nylig har besøkt