Runde

Christineborg Kafé på Runde

  • Sjømat på menyen.
  • Sitteplasser med utsikt over havet.
  • Her får du noe godt i glasset.
  • Langbord klart for å ta imot gjester.
  • Stemning fra dekket bord.
  • En smak av havet.
  • Sesonegns skalldyr.
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • +47 70085950

  • Langeneset 28

    Herøy (møre og romsdal), Møre og Romsdal

    Vis i kart

I den sommaropne kafeen på Christineborg får du kjøpt deilige småretter, kaker og god drikke. Elles kan grupper på førespurnad få servert eit smakfullt måltid.

I sommarsesongen

Når inntrykka er mange, er det godt å setje seg ned på ein hyggeleg stad og nyte eit lite måltid. I kafeen på Christineborg Gjestehus får du i sommarsesongen tilbod om kaffi, anna god drikke og gode smårettar laga av lokale råvarer.

Du kan også sikre deg ferdaminne frå verdsarven som du finn berre her. Når du gler deg sjølv eller dine kjære med ein slik suvenir, hjelper du oss også til å ta vare på og utvikle verdsarvområdet vidare.

Haust, vinter og vår

Har du lyst til å ta med eit følgje og oppleve naturen på Runde om hausten, vinteren og våren, kan du bestille overnatting i romma på Christineborg Gjestehus eller Runde Panorama. Då kan vi lage frukost, matpakkar, buffé eller middag med fleire rettar om de ønsker det.

Skal du feire ein av livets store hendingar eller ta med ei gruppe og halde eit arrangement eller møte? Her får du hjelp til å organisere og forslag til smakfull servering.

    Accessibility information

    • Tilrettelagt for personer med nedsatt funksjonsevne

    Kilde: Ålesund & Sunnmøre