Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Balestrand

Ciderhuset

  • Sjøtunsvegen 32, Balestrand
  • +47 90835673
  •  /  km From You
Overview

Ciderhuset ligg i Balestrand i ein økologisk frukthage med over 100 fruktsortar, 15 min spasertur langs fjorden frå Kviknes Hotel. Restauranten er i eit glashus med vidt utsyn over Sognefjorden.

Ciderhuset er frå mai 2017 eit Èconomusée, ei handverksprega verksemd som er vald ut på grunn av sitt engasjement for kvalitet og det ekte. 

 

LÆRE & SMAKE

I ciderkjellaren foredlar vi “champagne-cider” etter tradisjonell metode og destillerer epledram. Book ei lærerik og trivelig oppleving. Familien formidlar om korleis vi gjer frukt og bær om til juice, cider og dram. Programmet varer ca. 30 min og inkluderer smaksprøvar av cider eller juice.

 

UTSAL

Ciderhuset har eigen butikk med ca. 20 ulike typar Balholm-cider, fruktjuice og matminne frå hagen.

Butikken er i 2017 open frå 22.mai kl.12-18 frå sundag til fredag (ikkje alkoholsal sundag).

 

ETE & DRIKKE

Restauranten har ein meny med ulike rettar av lokale råvarer og med inspirasjon frå Middelhavet. Her kan du smake på drikkevarene våre samt varme og kalde rettar (ink. vegetar- og veganrettar) og dessertar. 

Sommarrestauranten er i 2017 open frå 22.juni – 18.august. Sundag - fredag kl. 12-18. Torsdagar kl.12-21. Stengt laurdagar pga. private arrangement som bryllaup og liknande. 

For grupper. Vi tilbyr på førespurnad også kulturvandring, cidersmaking, aktivitetar og kurs, samt selskapslokale.

Kontakt oss for meir informasjon

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Ciderhuset is approved and tested by Norwegian Foodprints. The food is made from scratch, with the use of Norwegian, local products and displays local knowledge of food and dishes.
Click to activate
Balestrand, Norway
The latitude and longitude
61° 12' 5" N / 6° 31' 35" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad