Cidersmaking med lunsjplanke
Formidling om frukt og cider på Ciderhuset i Balestrand. Smaking av 5 ulike stilarter av cider saman med ein lunsjplanke med 5 smårettar som passar til kvar av ciderane. Alkoholfritt alternativ.
Regndropar på epleskalet. Det lette kysset frå epleblomen. Perler som stig opp i gylden drikk.
av Åge Eitungjerde, cidermakar
Bryr du deg om historia bak det du drikk? Er du tørst på nye smakar og ny kunnskap? Du vil få ny forståing for fruktdyrking og ciderframstilling etter berre 1 1/2 time hos oss. og du vil få utvida smakshorisonten din gjennom å smake 5 ulike siderstilar i Glashuset, med utsikt over Sognefjorden.
Vi startar i den økologiske frukthagen vår ved Ciderhuset. Sogn er det eldste fruktområdet i landet. Vi vil vise at smaken startar med dei små podekvistane som strekker seg opp mot det unike fjordlyset ved Sognefjorden. Lyset som har inspirert kunstnarar og eventyrarar i generasjonar.
Saman lærer vi om grunnleggande epledyrking og lokal tradisjon - vårt terroir gjennom nesten 1000 år! Deretter går vi inn i Ciderhuset der vi smakar vår veg gjennom 5 ulike ciderar og lærer at eple er meir enn berre eple! Vi blir saman kjende med heile spekteret av smakar: søte desserteple, syrlege mateple og bitre cidereple.
Og vi skal lære at cider er meir enn berre "cider". Vi smakar oss gjennom 5 ulike stilartar av cider, frå lett "verandacider" til tanninrik matcider som passar best til tyngre kjøtrettar.
Til smakinga høyrer også ein lunsjplanke med 5 smårettar som er tilpassa kvar av ciderane.
Hugs å melde frå om evt allergiar eller matpreferansar (vegan/vegetar) på skjemaet.
Om du vil reservere bord til middag i restauranten, vil det passe til bordsetning kl 17. Reservasjon er nødvendig og kan gjerast via bookingsida.
Ser deg i frukthagen:)
Varigheit: 2 timar
Alder: 18+
Kilde: Visit Sognefjord AS
Cidersmaking med lunsjplanke