
Coasteering er ein leiken og spennande måte å vere i naturen på. Her kan du utfordre seg sjølv med å dykke, hoppe, klatre eller leike.
Coasteering kjem frå det engelske ordet coast, som betyr kyst. Aktiviteten inneber å bevege seg både i vatn og på land langs klipper i sjøkanten – ein leiken, utfordrande og adrenalinfylt måte å oppleve naturen på.
Her får du moglegheit til å dykke, hoppe, klatre og utforske kystlinja på ein heilt ny måte, i trygge og kvalitetssikra rammer. Sjøbris Adventure tilbyr erfarne guidar og sikkert utstyr for å gjennomføre aktiviteten på ein forsvarleg måte, utan at det går på bekostning av spenninga.
Varigheit: 3 timar (inkludert omkleding og instruksjonar)
Kapasitet: Maks 8 personar
Pris for grupper: Frå NOK 6.000,-
Coasteering passar for alle som er i god fysisk form og har ei eventyrlysten ånd. Aktiviteten føregår i variert terreng, og deltakarar bør vere komfortable med å vere ute i naturen. Det krevst ingen tidlegare erfaring med aktiviteten.
Svømmeferdigheiter: Deltakarar bør vere komfortable med å opphalde seg i vatn og kunne svømme.
Alder: 12 år. Barn kan delta i følge med ein vaksen.
Våtdrakt 7 mm
Redningsvest
Hjelm
Våtsko
Shorts
Ta med badetøy, håndkle, ein pose til vått tøy samt tørre og varme klær til etter aktiviteten.
Ei flaske vatn kan også være godt å ha med.
På denne sida finn du nyttig informasjon og rettleiing for å gjere reiseopplevinga di betre, tryggare og meir berekraftig: Reis betre - Fjord Norway
Kontakt: +47 952 44 993
E-post: [email protected]
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord