Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Coop Prix Bøverdalen | Daglegvarebutikk

Døgnope lokal matbutikk - ved oppkøyringa til Galdhøpiggen på veg til/frå Sognefjellet i Lom.

På veg til fjells, og har gløymt mat, drikke eller andre daglegvarer til fjellturen? Da er Coop Prix Bøverdalen god å ha. Denne lokale matbutikken ligg i Lom, ved oppkøyringa til Galdhøpiggen på veg til/frå Sognefjellet og er døgnopen!

Butikken vart totalrenovert i 2022 - og vart da til ein Prix-butikk.

– Både salsarealet og lageret er utvida, og det at butikken blir omprofilert frå Coop Marked til Coop Prix inneber større utval og lågare prisar for kundane, seier Rune Fossmo i Coop Ottadalen. 

Døgnopen!
Har du behov for å handle etter at andre butikkar er stengt, er det på Coop-butikken i Bøverdalen mogleg å handle heile døgnet! Butikken er nemleg døgnope med bemanna på vanleg måte store delar av dagen, men med sjølvbetening utanom. 

For å kunne handle utanom dei ordinære opningstidene kan du «låse» deg inn og ut av butikken via ein applikasjon og identifisering via norsk BankID.

Om Prix:
Coop Prix er Coop-systemet si lavpriskjede for daglegvarar - med lokal forankring. Butikkjeda vart starta i 1984 under navnet PRIX, og marknadsfører seg med slagordet «Fort gjort!». I dag finst det i underkant av 300 Coop prix-butikkar spredt over heile landet, som fører tradisjonen frå det fyrste samvirkelaget vidare. Service og nærheit er viktig - det skal være hyggelig å handle her. I Bøverdalen vart butikken omprofilert frå Coop Marked til Coop Prix 11.november 2022. 

Last updated: 10/25/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Coop Prix Bøverdalen | Daglegvarebutikk

Sider du nylig har besøkt