Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Coop Prix Bøverdalen | Daglegvarebutikk

  • Sognefjellsvegen 1943, Lom
  • +47 99211655
  •  /  km From You
Overview

Lokal matbutikk ope til midnatt - ved oppkøyringa til Galdhøpiggen på veg til/frå Sognefjellet.

På veg til fjells, og har gløymt mat, drikke eller andre daglegvarer til fjellturen? Da er Coop Prix Bøverdalen god å ha. Denne lokale matbutikken ligg ved oppkøyringa til Galdhøpiggen på veg til/frå Sognefjellet og er ope fram til midnatt! 

Butikken vart totalrenovert i 2022 - og vart da til ein Prix-butikk.

– Både salsarealet og lageret er utvida, og det at butikken blir omprofilert frå Coop Marked til Coop Prix inneber større utval og lågare prisar for kundane, seier Rune Fossmo i Coop Ottadalen. 

Ope fram til midnatt: 
Har du behov for å handle etter at andre butikkar er stengt, er det på Coop-butikken i Bøverdalen mogleg å handle heilt fram til midnatt! Butikken er nemleg ope mellom kl. 6–24 - bemanna på vanleg måte store delar av dagen, men med sjølvbetening utanom. 

For å kunne handle utanom dei ordinære opningstidene kan du «låse» deg inn og ut av butikken via ein applikasjon og identifisering via norsk BankID.

Om Prix:
Coop Prix er Coop-systemet si lavpriskjede for daglegvarar - med lokal forankring. Butikkjeda vart starta i 1984 under navnet PRIX, og marknadsfører seg med slagordet «Fort gjort!». I dag finst det i underkant av 300 Coop prix-butikkar spredt over heile landet, som fører tradisjonen frå det fyrste samvirkelaget vidare. Service og nærheit er viktig - det skal være hyggelig å handle her. I Bøverdalen vart butikken omprofilert frå Coop Marked til Coop Prix 11.november 2022. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages