Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Sogndal

Cruise med bilferje på Nærøyfjorden

  • Vesterland, Sogndal
  • +47 576 27 400
  •  /  km From You
Overview

Ferjeturen på Nærøyfjorden er ein av verdas fremste fjordattraksjonar, og fjorden vart saman med Geirangerfjorden innlemma på verdsarvlista til Unesco i 2005. Vakker, vill og dramatisk er ord som brukast om denne tre timar lange fjordturen på Nærøyfjorden og Sognefjorden.

Her har det budd folk gjennom alle tider, og på turen ser vi små gardar klamre seg fast i dei bratta berga som stuper ned i fjorden. Nostalgien smyg seg opp frå djupet i eit spektakulært fjordlandskap omkrinsa av fjell på opptil 1800 meter.

Rake, snødekte tindar i slåande kontrast til den mørke, djupe fjorden byr på ei oppleving du seint vil gløyme.

For rutetider: www.fjord2.no Buss til / frå ferja: www.kringom.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad