Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Ålesund

Dagfinn Lyngbø: Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars // Parken kulturhus i Ålesund

Book

Noregs mest kritikarroste og mestseljande komikar, Dagfinn Lyngbø, kjem tilbake til Ålesund med ekstraframsyning!

Me skal til Mars og dette er ikkje noko Dagfinn Lyngbø har funne på. NASA seier det. Og det er ikkje så lenge til heller. Og det kan bli stress. Men kvifor det? Har me brukt opp jordkloden? Tek robotane over? Dette er viktig å snakka om. Kven skal me senda først? Kva språk skal me snakka der? Tek me med homøopatar? Skal me ha høgre- eller venstrekøyring? Eller midt i, sånn som i Thailand? Er det fotballcup i helga? Er det korpsseminaret samtidig? Skal me folkesetja ein annan planet? Og kjem svigermor på besøk? I ei tid der alt kjem i tidsklemma er det viktig å planleggja. Det er på høg tid å gå igjennom nokre generelle «Køyrereglar i samband med koloniseringa av Mars». Dagfinn Lyngbø har hatt kjempesuksess med framsyningane «Ka e' vitsen?» (2005), «Evolusjon» (2008), «Stereo» (2012) og «Supersmud» (2017), som til saman har selt ca. 500.000 billettar og har fått ikkje mindre enn åtte Komipriser, noko som understrekar hans posisjon som den mest populære komikaren i landet. «Spastiske sprell! Dagfinn Lyngbø har publikum i sin hule hånd» - BERGENS TIDENDE «Lo så det dugget fra munnbindene! Det Lyngbø driver med på scenen er i en galakse for seg selv» - BERGENSAVISEN Gle dykk til ein ny festkveld, som kjem til å nå endå nye høgder – av og med sjølvaste, DAGFINN LYNGBØ!

Last updated: 11/08/2022

Source: Ålesund & Sunnmøre

Dagfinn Lyngbø: Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars // Parken kulturhus i Ålesund

Book

Sider du nylig har besøkt