VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Dagstur frå Måløy til Sagaøya Kinn

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview

Frå midten av juni til midten av august kan du ta dagstur frå Måløy til Sagaøya Kinn. Med flott turterreng og lett tilkomst frå Florø er Kinn eit populært turmål heile året.

Opplev Sagaøya Kinn og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Med flott turterreng og lett tilkomst frå Florø, er Kinn eit populært turmål heile året.

Denne turen kan du ta måndag – tysdag, torsdag og fredag i perioden mid-juni til mid-august 

ALTERNATIV 1

Avgang frå Måløy 10.20, ankomst Florø 11.50
Avgang frå Florø 12.00, ankomst Kinn 12.30

På kaia på Kinn heng det litt informasjon om øya. Eit tips er å gå rett til Kinnakyrkja og bli med på tidebønn kl.13.00. Der vil du treffe vertskap og kunne kjøpe deg ein kopp kaffi. Du vil også få litt meir informasjon om kyrkja og øya.

Etter litt tid i kyrkja og området rundt er det tid for å gå tilbake til kaia:
 ◦ Avgang frå Kinn  15.15, ankomst Florø 15.45
 ◦ Avgang frå Florø 16.05, ankomst Måløy 17.45

ALTERNATIV 2

Same avgang frå Måløy som det korte alternativet, men seinare retur frå Florø. Du vil på dette alternativet ha tid til å gå rundt øya, noko som er ein særs flott tur. Denne turen tek om lag halvannan time. Ved kyrkja vil du finne kart og informasjon om stiane. Du må vere tilbake på kaia i god tid før båten skal gå.

 ◦ Avgang frå Kinn 16.35 ankomst Florø 17.10

Gå ein tur gjennom sentrum eller du kan gå kulturvandringsløypa som er satt opp. Den kan du finne her: https://www.fjordkysten.no/ting-a-gjere/kulturvandring-i-floro-p808783

Etterpå kan du ete ein betre middag på ein av restaurantane medan du ventar på båten.
 ◦ Avgang frå Florø 19.55 ankomst Måløy 21.09

Alle rutene finn du på entur.no.

Viktig informasjon:
 ◦ Du må gje beskjed til båten at du skal vere med i retur frå Kinn, då dette er ei ringerute.
 ◦ Frå kaia til kyrkja er det grusveg og du kan gå i kva sko som helst. Skal du gå rundt øya bør du ha tursko då det er nokre våte parti.
 ◦ Det er enkel servering ved kyrkja, ta med det du treng av mat og drikke.
 ◦ Båtbillettane kjøpast om bord i båten.
 ◦ Om det er fleire i ei gruppe og det er ynskje om guide kan du ta kontakt med turistinformasjonen i Florø, tlf 57743000 eller epost mail@fjordkysten.no

Les meir om Kinn her

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages