VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Dagstur frå Sogndal til Sagaøya Kinn

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview

Opplev fjord, fjell og øyriket på ein og same dag! Du kan nyte ein flott båttur frå Sogndal til Sagaøya Kinn vest i havgapet!

NB! Denne turskildringa gjeld kun måndag - tysdag/torsdag - fredag når sommarruta går! (midten av juni - midten av august) 

Opplev fjord, fjell og øyriket på ein dag! Nyt ein flott båttur heile vegen frå Sogndal til Kinn. 

REISA
Avreise Sogndal med Norled: 07.05
​​​​Ankomst Florø: 11.30 

Frå Sogndal er båten innom Leikanger, Balestrand, Vik, Nordeide og Lavik før du må gå av båten i Rysjedalsvika. Der er det ca 10 minutt å vente før båten frå Bergen kjem og tek deg med nordover. Her er båten innom Krakhella og Askvoll før ankomst Florø. I Florø har du ein halv time på deg til å kjøpe med deg litt lunsj til turen til Kinn. Det er kort veg opp i Strandgata der du finn både dagligvare, kafear og bakeri.

Avreise frå Florø med lokalbåt kl. 12.00, med ankomst Kinn kl. 12.30. Ver ute i god tid. 

På kaia på Kinn finn du ein plakat med informasjon om øya. Ta til høgre ved det kvite huset på kaia. Det er grusvei til kyrkja, turen tek ca 20 minutt. I den flotte steinkyrkja frå 1100-talet er det tidebøn kvar dag kl. 13 og 19. Det er vertskapet i kyrkja som held tidebøna. Her er det mogleg å få kjøpe seg ein kopp kaffi og sjokolade. Meir informasjon om kyrkja og øya finn du i kyrkja.

Bruk tida rundt kyrkja, ta gjerne ein prat med vertskapet, det likar dei. Sett deg ned og nyt stilla, kanskje kjem ørna flygande forbi. Sjå utover til Ytterøyane fyr, og til Nærøya som ligg innafor og sjå føre deg eit yrande folkeliv på den no fråflytta øya.

Ver tilbake på kaia i god tid før båten skal gå. Her er det ringerute slik at båten må vite at du skal vere med frå Kinn.

Avreise Sagaøya Kinn: 15.15
Ankomst Florø: 15.45 

Her har du litt tid til å finne deg ein restaurant eller kafe for ein enklare middag før avreisa frå Florø.

Avreise Florø med Norled: 17.00 
Ankomst Sogndal: 21.20 
OBS! På returen har du same rute som reisa til Florø. Du må altså bytte båt på Rysjedalsvika

 

VIKTIG INFORMASJON

 ◦ Ynskjer du guide på Kinn? Ta kontakt med Turistinformasjonen i Florø, tlf 57743000 eller mail mail@fjordkysten.no så skal vi hjelper deg med det!
 ◦ Husk at båten frå Kinn må ha beskjed om at du skal vere med!
 ◦ Hjå Norled kan du kjøpe billett Sogndal-Florø t/r på nett, mens du på Kinnturen frå Florø kjøpar billett om bord i båten.

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages