Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

ETNE

Dagstur til toppen av Langfoss

Langfoss er det femte høgaste fossefallet i Noreg. CNN Travel har kåra Langfoss til eit av verdas 10 flottaste fossefall. Den totale fallhøgda er på 612 meter og er godt synleg frå startpunktet.

Toppturen Langfoss opp
Fakta om Langfoss

Langfoss er kåra til eit av verdas vakraste fossefall av CNN Travel, med sitt 612-meter høge fossefall, og som det femte høgaste fossefallet i Noreg.

Informasjon og startpunkt

Ved E134 veikiosk ved Langfoss parkeringsplass, får du informasjon om turen, og ferdig pakka lunsj med lokal mat. 

Høgdeskilnad

20 – 881 moh.

Estimert tid

3 -5 timar t/r.

Turkart

Etne – Saudafjella 1:100.000

Gradering

krevjande, fargekode raud

Utstyr

Fjellsko, turklede. Det er påbudt å ha hund i band.

Gode råd

Det kan vere sleipt på steinane på stien opp langs fossen, så vis aktsemd!

Sesong

juni - oktober

Turskildring

Langfoss er det femte høgaste fossefallet i Noreg. CNN Travel har kåra Langfoss til eit av verdas 10 flottaste fossefall. Den totale fallhøgda er på 612 meter og er godt synleg frå startpunktet. Turen startar ved E134, like aust for Langfoss. Stien er tydelig merkt, og lett å følgja. Turen går jamt og trutt oppover i skogkledd terreng, med til dels kraftig stigning. Stien er opphavleg ein gammal seterveg frå garden Eljervik til Langfosstølen, som ligg på platået ovanfor Langfoss. Det er mykje flott steinarbeid i stien. Her har tidlegare generasjonar slite seg opp og ned frå stølen med buskap og tunge bører med smør og ost. Også i dag blir sauene førte til fjells langs denne vegen.

Fleire stader er det flotte utsiktspunkt over Åkrafjorden. Turens høgdepunkt er når stien kryssar berget på høgde med utlaupet av Langfossen, på Varahaugen utkikkspunkt 640 moh. Her får du panoramautsikt over fjord og foss. Du ser ned vegen der turen starta, og du ser ut over fjorden. Vidare ser du over til Mosnes og innover i Nasjonalparken med den fantastiske isbreen Folgefonna i bakgrunnen. Om ein ynskjer ein kortare tur, kan ein gå til Varahaugen (ca. 640 m.o.h) som er den fyste toppen, og gå ned igjen. Då tek turen ca 2timar t/r På toppen av fossen får du ei heilt utruleg oppleving med utsikt heile vegen ned til der du starta frå. Åkrafjorden snirklar seg mellom høge fjell på over 1000 meter og bak alt dette vakre kneisar den mektige. Folgefonna i bakgrunnen.

Om du ynskjer den lange turen går du vidare innover langs den idyllisk svingande elva som kjem frå Vaula og endar i Langfossen. Her finn du gode rasteplassar og badekulpar. Du passerar Langfosstølen og følgjer stien vidare i lett motbakke. Like etter stølen går stien over ein fjellknaus og kloss i elva, slik at du ser rett ned i vassmengdene. Eit flott og dramatisk parti. Her bør du gå over toppen av fjellknausen og fylgja stien vidare der. Denne held høgda og er langt betre å gå på enn den gamle stien nær elva.

Fortsett langs stien på venstre side av elva til du ser varden og hengebrua ved Vaulavatnet i horisonten. Stien treff den T-merka løypa mellom Simlebu og Sandvasshytta. Følg denne til Vaulavatnet (ca. 1.050 moh). Frå Vaula kan du gå attende på tydeleg sti like ved hengebrua og fylgja elva på høgre side nedover dalen. Denne stien treff etter få minutt stien du fulgte på turen oppover.

Også turen tilbake, med nedoverbakke heile tida, merkast godt i beina. Ikkje minst vert knea møre etter kvart. Pass elles nøye på å halda stien. Det er eit svært bratt landskap slik at du fort kan koma på villstrå. Ein bør berekna  4-5 timer timar på denne turen tur / retur.

2 dagars turforslag

Bli ei natt på hytta på Rullestad og opplev turen til Trolltunga neste dag. Perfekt utgangspunkt for Trolltunga, då det kun er avstand på 30 min kjøring frå Rullestad til Odda og Trolltunga.  

Last updated: 09/25/2023

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Dagstur til toppen av Langfoss

Sider du nylig har besøkt