VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway


Dagsturhytta | Gloppen

  •  /  km From You
Overview

Dagsturhytta i Gloppen ligg på Draumekvila i Trivselsskogen på Sandane. Hytta var den første av dagsturhyttene som vart opna.

Tilkomst og parkering
Det er to alternativ til parkering: anten i Sandane sentrum eller ved merka parkeringsplass for Trivselsskogen ved E39.

Parkering i Sandane sentrum eller buss: gå frå sentrum og opp via byggefeltet Høgnausen. Her kryssar du under E39. Du ser hytta opp i lia frå sentrum.
Frå Byrkjelo: køyr forbi første avkøyring til Sandane på Kleivedammen og fortsett ca 600 meter. Så første avkøyring til høgre. Avkøyring er skilta frå E39.
Frå Anda: køyr forbi første avkjøring til Sandane. Etter ca. 800 meter er det første avkøyring til venstre. Avkøyring er skilta frå E39.
Stien til hytta
Området i Trivselsskogen er godt skilta og mange stiar går mot Draumekvila. Ved hovudskiltet ved E39 startar den mest nytta stien. Følg denne oppover og les skilta etter kvart. Du skal forbi solplatået og kjærleiksskogen før du kjem til Draumekvila som ligg på om lag 200 moh.

Det er i tillegg mogleg å gå ein rundtur på ca. 6 km.

Avstandar
Turen tar om lag 20–25 minutt frå skiltet ved E39.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages