Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Dagsturhytta i Balestrand - Balabu

Dagsturhytta Balabu ligg vakkert til ved Orremyra, ikkje så langt frå Belehalli. Dette er ein fin tur som passar for alle.

Tilkomst og parkering

For å kome til parkeringa kjør rv. 55, ta av til idrettsanlegg og Sygna vgs. Følg så skilting til skulane og turstiar. Ved Sagatun skule er det skilta parkering for dagsturhytta.  

Parkering ved Belehalli ved Sagatun skule. Eller du kan gå frå sentrum ved å følge turskilta opp Lærargata til Belehalli. Der er oversiktskart over alle turalternativa i nærområdet. 

Stien til hytta

Frå Belehalli: Følg den blåmerka stien opp til Orrebenken og 100 meter vidare. Her kjem du til eit skilt som viser Balastølen/Fjærestadstølen til venstre. Rett før Orremyra går stien inn til dagsturhytta. 

Det er moglegheit for å gå vidare opp til Raudmelen (raudmerka sti).

Last updated: 03/05/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Dagsturhytta i Balestrand - Balabu

Sider du nylig har besøkt