Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Etne

Dagsturhytta i Etne - Leiteshaugen

Dagsturhytta i Etne ligg på Leiteshaugen i fjellområdet Rus. Det tar ca 30 minutt å gå til hytta frå parkeringsplassen.

Ta turen til den flotte dagsturhytta i Etne

Leiteshaugen står som «Litle Urdahaugen» på mange kart, men lokalt brukar folk berre Leiteshaugen.

Lengd og tid

Det er ca. 1,5 km å gå frå parkeringsplassen til hytta, og det tar ca 20-30 minutt.

Tilkomst og parkering

Frå Etne sentrum køyr ca 1,5 km austover langs E134, retning Oslo. Ta av til høgre like før bru over Etneelva, og køyr Fv37 Fossavegen i ca 2 km.

Ta til høgre inn på Rusvegen, bratt grusveg, og køyr ca 4 km til parkeringsplassen. Rusvegen og parkeringsplassen er i privat eige, og det er ei parkeringsavgift på kr 40 som kan betalast med Vipps. Følg skilta sti frå parkeringsplassen.

Frå parkeringsplassen er det grusveg storparten av vegen, og dei siste 150 meterane er det sti. Det er plan om å laga sti tilrettelagt for rullestol og barnevogner den siste biten. Fyrste del av vegen er det ein stigning.

Fasilitetar

Det er toalett, og i hytta er det vedomn.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Dagsturhytta i Etne - Leiteshaugen

Sider du nylig har besøkt