Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Dagsturhytta i Førde - Gytta

Dagsturhytta Gyttakvia ligg på ca 250 moh, og gir deg ei flott utsikt over Førde by. Dette er den mest besøkte dagsturhytta i regionen.

Hytta i Førde har solcellepanel, vedomn og utedo. På dugnad har hytta fått stor platting, tau i stien og bålpanne. Gytta er den mest besøkte dagsturhytta.

Kvar ligg dagsturhytta Gytta?

Dagsturhytta Gyttakvia ligg på ca 250 moh ovanfor bustadområdet i Vieåsen aust i Førde, omlag på tredelen av vegen opp til utsiktsvarden på Viafjellet.

Korleis komme seg til dagsturhytta Gytta?

Du kan parkere ved Vieåsen barnehage. Det er også merka sti frå sentralsjukehuset. For å kome seg til barnehagen tar du av frå E39 til Vie. Følg Vievegen og ta av til Vieåsen. Følg vegen til du kjem til barnehagen og parker ved siden av kunstgrasbana.

Turbeskriving til dagsturhytta Gytta

Start turen ved aktivitetsparken i Vieåsen. Gå ein bratt og gruslagd sti til venstre oppover forbi husa. Ved enden av grusvegen er det ein godt merka sti. Turen er godt opparbeidd med både stein, røter og mjukt underlag, men prega av at det er ei godt brukt sti. Hytta ligg litt under Vetle Viefjellet, og du kan gå vidare til Viefjellet. Derifrå kan du gå endå vidare til Soleide.


Turen til hytta tek om lag 20 minutt i normalt gåtempo. Du kan rekne med 40 minuttar med ungar. Hytta ligg på 252 moh.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Dagsturhytta i Førde - Gytta

Sider du nylig har besøkt