Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Dagsturhytta i Florø - Fløgjen

  • Fløgen, Kinn
  •  /  km From You
Overview

Dagsturhytta i Florø ligg på Fløgjen, 444 moh, på vegen opp til Hatlesetnipa. Dette er eit lågterskeltilbod som passar for alle som ynskjer ein lett fjelltur.

Dagsturhytta Fløgjen er ein av to dagsturhytter i Kinn kommune. Turen er familievennleg og passar for dei aller fleste. Hytta har utsikt til Norddalsfjorden, austover mot Eikefjord og vestover mot Florø og øyane i vest og sør. 

Tilkomst og parkering

Frå rv. 5 Florø - Førde tar ein av ved Grov til fv. 614 mot Svelgen. Etter 1 km kjem du til ein trafostasjon. Du tar av ved første avkjøring på høgre side etter trafostasjonen for å finne parkering. Dersom du kjem med buss, kan du gå av på same plass. 

Stien til hytta

Ved parkeringsplassen følger du skogsvegen, og rett før du er til vegs ende, tek du av til venstre. Stien er ikkje merka oppover i skogen, men han er tydeleg i terrenget. Dette er stien som held fram til Hatlesetnipa. Det er eit par mindre myrlende områder langs stien i skogen. Når du kjem over skoggrensa vert stien brattare eit stykke, før det flatar noko ut, og du ser varden på Fløgjen til venstre.

Turen opp til dagsturhytta tek om lag ein time. Det er 2,3 km ein veg. Hytta ligg på 444 moh.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages