Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Bygstad

Dagsturhytta i Gaular - Skaraly

Dagsturhytta Skaraly er ein av fire hytter i Sunnfjord. Ypperleg for ein tur i seg sjølv eller som eit kort eller lenger stopp med fantastisk utsikt.

Dagsturhytta Skaraly ligg på ca. 700 moh., og byr på fantastisk utsikt mot Dalsfjorden, Storehesten og Sunnfjordfjella. Det er også flott å bade i småtjerna omkring eller slappe av i solveggen og nyte utsikta.

Kvar ligg dagsturhytta Skaraly?

Dagsturhytta ligg ved Kårstadskaret på vegen opp mot fjellet Storehesten (Kvamshesten).

Korleis komme seg til dagsturhytta Skaraly?

Ta av frå E39 mot Bygstad og Bringeland og følg fv. 57 til Bygstad. Frå Bygstad er det skilta veg til Storehesten. Kjøyr forbi Rytne gard og betal bompengar. Parkering er ved Nygjeldshaugane.

Turbeskriving til dagsturhytta Skaraly

Turen går i fint og luftig turterreng i same trasé som Storehesten opp. Stien er godt opparbeidd med grus, singel, steinheller og rekkverk enkelte stader. På veg opp mot hytta går du forbi eit fint stølsområde. Frå hytta er det fint å ta turen vidare til både Litlehesten og Storehesten.

Turen opp tek litt over 1 time i normalt gåtempo. Turen har variert stigning og er middels krevjande. Hytta ligg på om lag 700 moh., og hødeskilnaden frå parkering til hytta er om lag 300 meter. Det er 2 km ein veg.

Kilde: Visit FjordKysten

0

Dagsturhytta i Gaular - Skaraly

Sider du nylig har besøkt