Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

HYLLESTAD

Dagsturhytta i Hyllestad - Sørefjordhytta

Dagsturhytta i Hyllestad ligg ved Sørefjordvatnet med ei nydeleg utsikt. Dette er eit lågterskeltilbod som passar for alle som ynskjer ein lett fjelltur.

Dagsturhytta i Hyllestad ligg nydeleg til ved Sørefjordvatnet og med utsikt mot Lihesten og ut over Åfjorden. Hytta har fått namnet etter vatnet ho ligg ved.

Kvar ligg Sørefjordhytta?

Dagsturhytta Sørefjordhytta ligg ved Sørefjordvatnet og har nydeleg utsikt over Lihesten og omkringliggande natur.

Korleis kjem eg meg til Sørefjordhytta?

Det er tre alternative ruter: 

Parkering på Akse

Køyr frå Hyllestad i retning Leirvik/Rysjedalsvika. Etter ca. 3,5 km kjem det eit kryss der du tar av til Birkeland. Vidare køyrer du ca. 1,5 km før du tar av til Akse. Etter ca. 1 km er du framme ved merka parkeringsplass for dagsturhytta.

Parkering i Hyllestad

Parker ved Spar-butikken/idrettsbana på Hyllestad. Like ved byggefeltet Myklebustfeltet går du til toppen av Myklebustlia. Her startar stien til dagsturhytta.

Øvråshøgda

Frå Hyllestad sentrum/kommunehus køyrer du ca. 11,5 km i retning mot Fjaler. På toppen av Øvråshøgda tar du til venstre to gonger. Frå hovudvegen og til Mørketjønnbotnen er det ca. 1 km. Det er plass til nokre bilar i Mørketjønnbotnen, elles kan du parkere rett etter avkøyrsla på Øvråshøgda. 

Sesong

Dagsturhytta er ope heile året. Om vinteren når stien er snø og isbelagt må du ta avgjerlsa sjølv om du er egna til å gå turen. Vi anbefala ikkje turen når det er snø og is for uerfarne turgåarar.

Turbeskriving til dagsturhytta Frå Akse

Om lag 25 minutter gåtid til hytta. Denne stien er best om barn er med på turen. Følg kjerrevegen til forbi garden Veslelia. Vidare går den gjennom skog, så svaberg og ryggar. Ca 1 km frå Akse til hytta

Frå Hyllestad sentrum

Du vil bruke om lag 1 time og 15 minuttar til hytta. Denne stien er merka med skilt frå Spar butikken i Hyllestad. Ca 4,7 km frå sentrum til hytta

Frå Øvråshøgda/Mørketjønnbotn (sideveg)

Turen tek om lag 50 minutter. Følg grusveg mot Markhus. Ta deretter til venstre etter 500 meter og følg vegen til Mørketjørna. Vidare går stien vestover. Ca 2,3 km frå Øvråshøgda til hytta

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Dagsturhytta i Hyllestad - Sørefjordhytta

Sider du nylig har besøkt