Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland HYLLESTAD

Dagsturhytta i Hyllestad - Sørefjordhytta

  •  /  km From You
Overview

Dagsturhytta i Hyllestad ligg ved Sørefjordvatnet med ei nydeleg utsikt. Dette er eit lågterskeltilbod som passar for alle som ynskjer ein lett fjelltur.

Dagsturhytta i Hyllestad ligg nydeleg til ved Sørefjordvatnet og med utsikt mot Lihesten og ut over Åfjorden. Hytta har fått namnet etter vatnet ho ligg ved.

Tilkomst og parkering

Det er tre alternative ruter: 

Parkering på Akse: Køyr frå Hyllestad i retning Leirvik/Rysjedalsvika. Etter ca. 3,5 km kjem det eit kryss der du tar av til Birkeland. Vidare køyrer du ca. 1,5 km før du tar av til Akse. Etter ca. 1 km er du framme ved merka parkeringsplass for dagsturhytta.

Parkering i Hyllestad: parker ved Spar-butikken/idrettsbana på Hyllestad. Like ved byggefeltet Myklebustfeltet går du til toppen av Myklebustlia. Her startar stien til dagsturhytta.

Øvråshøgda: frå Hyllestad sentrum/kommunehus køyrer du ca. 11,5 km i retning mot Fjaler. På toppen av Øvråshøgda tar du til venstre to gonger. Frå hovudvegen og til Mørketjønnbotnen er det ca. 1 km. Det er plass til nokre bilar i Mørketjønnbotnen, elles kan du parkere rett etter avkøyrsla på Øvråshøgda. 

Stien til hytta

Frå Akse: om lag 25 minutter gåtid til hytta. Denne stien er best om barn er med på turen. Følg kjerrevegen til forbi garden Veslelia. Vidare går den gjennom skog, så svaberg og ryggar. 

Frå Hyllestad sentrum: om lag 1 time og 15 minutter gåtid til hytta. Denne stien er merka med skilt. 

Frå Øvråshøgda/Mørketjønnbotn (sideveg): turen tek om lag 50 minutter. Følg grusveg mot Markhus. Ta deretter til venstre etter 500 meter og følg vegen til Mørketjørna. Vidare går stien vestover.

Avstandar

Det er om lag 1 km. frå Akse, 4,7 km. frå Hyllestad sentrum og ca. 2,3 km frå Øvråshøgda. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Facts

Effort Level
Easy
Landscape
Forest area
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages