Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Dagsturhytta i Kvinnherad - Fagnabu

På leit etter ein relativt enkel tur i vakkert og lettgått fjellandskap? Dagsturhytta «Fagnabu» ved Nautavatnet er eit godt val!

Dagsturhytta Fagnabu i Kvinnherad kommune er relativt ny, men har likevel rukke å vorte eit populært turmål, både sommar som vinter.

Det er ikkje rart når ein ser på områda den ligg i, tilkomsten og kor fint sjølve hytta er utforma. Tilkomsten med bil til Fjellhaugen og parkeringa er god, terrenget er lettgått og utsikta er fin. Her får du vandre i fint fjellterreng, krysse bekkar, vandre over klopplagde myrområde, og er du på tur i den varmare delen av året, ja, då kan du gjerne finne deg ein kulp i elva å bade i. Om ikkje kulpane freistar så er det jo mogleg stikke tærne ut i Nautavatnet.


Tilkomst

For å kome seg til til startpunktet for stien mot Fagnabu så må du køyre i retning Fjellhaugen skisenter. Om du kjem frå sør, via Husnes, så må du ta av oppover Omvikdalen og følgje skiltinga mot Matre og etter kvart ta av mot Fjellhaugen skisenter og Blådalen. Det same må du gjere om du kjem frå nord, via Rosendal. Etter kvart vil du sjå skilting mot Fjellhaugen skisenter. Frå riksvegen og opp til parkeringa er det om lag 15 minutts køyring. Det er ikkje mogleg å kome hit med kollektivtransport.

Parker på nedste parkering. På enkelte solrike dagar kan det vere ein del bilar her, spesielt om du er her i vinterferie eller påskeferie, men det er som regel gode moglegheiter for å finne parkering.

Merk at det i sommar- og tidleg haustsesong er beitedyr i området. Hundar på difor haldast i band.


Ruta til Fagnabu

Frå parkeringa går du nokre hundre meter på grusveg, forbi hyttefeltet på oppsida av parkeringa. Etter kort tid så kjem du til ein sving på grusvegen der du tek av og går ut i terrenget. Her er det skilta mot Nautavatnet. Ruta går vidare på sti og delvis attgrodd traktorveg til du kjem til eit stidele. Vinterruta går til høgre over ei bru, medan sumarruta går til venstre. Her følgjer du sumarruta. Følg skiltinga.

Ruta går vidare over klopplagte myrområde og på fin og relativt lettgått sti. Etter kvart kan du skimte den karakteristiske utforminga til Fagnabu på toppen av ein liten bakke. Når du når opp på høgda så får du vakker utsikt over Nautavatnet og det omkringliggande terrenget.

Hytta

På enkelte dagar kan det vere litt folk her, men like ofte er det stillheit og folketomt. Du kan nyte kaffien eller anna medbrakt både innomhus og utomhus. På hytteveggen står det forklart kva som er tillat og kva som ikkje er det. Og hugs å forlat hytta og området slik du sjølv ville ha likt å funne det.

Det er toalett, vedomn og straum ved hytta.

God tur!

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Dagsturhytta i Kvinnherad - Fagnabu

Sider du nylig har besøkt