Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Luster

Dagsturhytta i Luster - Eikjabu

Luster er ein kommune med store fjellområde. Dagsturhytta er derimot plassert ved Lustrafjorden på Ytre Eikum mellom Solvorn og Marifjøra. Hytta kan kun nåast via fjorden.

Tilkomst og parkering

Hytta kan kun nåast via fjorden, og er lett tilgjengeleg med kajakk. Ein kan padle frå Solvorn eller Marifjøra.

Luster Turlag har utlån av kajakkar til medlemar av turlaget. Kajakknaustet ligg i Vedvik. NB: hugs DNT-nøkkel! Nøkkel får du kjøpt (100kr depositum) på Intersport Sogndal, eller ved å ta kontakt med lusterturlag@gmail.com. 

Når du kjem frem til enden av vegen er du komen til parkeringa i Vedvik, her gjeld det å parkere smart då det kan vera trongt om plassen, det kan også være lurt å samkøyre frå Marifjøra og ut til Vedvik.

Leige av kajakk 

Luster Turlag har kajakknaust i Vedvik med utleige av kajakkar

FjordSeal i Marifjøra har guida turar i kajakk.

Avstandar

Frå Krossen og ned til Ytre Eikum er det om lag 4 km. Frå Vedvik tek det om lag 20 minutter å padle kajakk, medan det frå Solvorn tek om lag 1 time.

Anna

Eikjabu har tilknytta utedo.

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Dagsturhytta i Luster - Eikjabu

Sider du nylig har besøkt