Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Dagsturhytta i Måløy - Kletten

  • Kletten, Kinn
  •  /  km From You
Overview

Dagsturhytta i Måløy finn du på Kletten like over brua med flott utsikt over Måløy. Dette er eit lågterskeltilbod som passar for alle som ynskjer ein lett fjelltur.

Dagsturhytta i Måløy er plassert på Kletten, rett over brua i Deknepollen. Hytta har utedo og varme. Det er fleire stiar som fører til hytta og alle er familievenlege.

Tilkomst og parkering

Hytta ligg i Deknepollen og har tre ulike tilkomstar. Ein frå Blålid, ein frå Kulen (rett før måløybrua), og den som er mest brukt, er tilkomsten frå Okshola.

Dersom du skal gå vegen frå Okshola, er det best å parkere ved Skavøypoll barnehage/skule. Følg vegen opp til øvre Okshola før stien startar. Denne turen tar ca. 30 minutter i normalt tempo.

Dersom turen startar på Kulen, er det best å parkere ved Asvo og gå langs vegen til starten på stien. Dette er ein kortare, men brattare sti til toppen. Turen tar ca. 15 minutter.

Stien frå Blålid er ikkje knytt til noko spesiell parkering, og tek ca. 35 min. å gå i normalt tempo.

Alle tre tilkomstane er familievennlege turar, men det er lettare terreng i turane frå Okshola og Blålid. Alle stiane er i kupert terreng. Turen frå Kulen er kort, men bratt. Dette er ein populær turtopp for familiar og er ein del av turane i vintertrimmen junior i regi av YNT (ytre Nordfjord Turlag). Hytta ligg rett nedanfor toppen på fjellet, og er på ca. 135 høgdemeter.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages