Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Naustdal

Dagsturhytta i Naustdal - Steinkorshytta

Dagsturhytta i Naustdal - Steinkorshytta

Dagsturhytta i Naustdal ligg på Steinkorsen, 732 moh. Ein godt merka tur som tek deg gjennom flott fjellterreng og forbi fleire idylliske stølar og fjellvatn.

Ta deg ein god pause frå kvardagsmaset på Steinkorshytta. På fine sommardagar kan du ta deg ein frisk dukkert i det idylliske fjellvatnet ved sidan av hytta, og på kaldare haustdagar kan du fyre i vedovnen og kose deg inne med ei bok frå hyttebiblioteket.

Kvar ligg dagsturhytta Steinkorshytta?

Hytta ligg på 732 moh., litt under toppen Steinkorsen.

Korleis komme seg til dagsturhytta Steinkorshytta?

Ved bensinstasjonen i Naustdal tar du av til fv. 611 mot Stavang. Etter 1,2 km er det skilta mot Kringla. Grusvegen til Kringla er omtrent 3 km og fører til ein parkeringsplass for dagsturhytta. Kjører du lenger er det parkeringsavgift ved husa på garden Kringla.

Turbeskriving til dagsturhytta Steinkorshytta

Stien går forbi gardstunet til Atle Kringlen på Kringla. Når du ferdast her, er det viktig å hugse å late att grinder, ettersom det går mykje husdyr i området. Stien er godt opparbeidd, går i luftige omgjevnadar, er merka og enkel å finne. Undervegs passerer du Kringlestølane, som ligg på om lag 550 moh. I Kringlevatnet og i vatnet ved hytta er det fint å bade. Stien er noko bratt i starten, men flatar ut etter stølen.


Turen er middels krevjande og tek omtrent 1,5 time opp. Turen er på 2,4 km ein veg.

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Dagsturhytta i Naustdal - Steinkorshytta

Sider du nylig har besøkt