Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland SOLUND

Dagsturhytta i Solund - Sognesjøhytta

  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview

Dagsturhytta i Solund heiter Sognesjøhytta og ligg 15 moh. Dette er eit lågterskeltilbod som passar for alle som ynskjer ein lett fjelltur.

Dagsturhytta i Solund kommune heiter Sognesjøhytta og ligg sør for Hardbakke nær Hopsosen. Det er flott utsyn over Sognesjøen. Hytta ligg om lag 15 m.o.h., og det er 3 km frå parkeringsplass til Sognesjøhytta. Går ein frå Solund senter må ein rekne om lag 1 time på turen.

Nær dagsturhytta er ein liten, skjerma, grunn våg der kajakkar lett kan landast.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

Tilkomst

Ynskjer ein å padle til Sognesjøhytta kan ein parkere ved Hardbakke hamn. Vil du gå til fots og kjem med bil kan du parkere ved Solund senter eller ved starten av turvegen.

Frå Solund senter går du på vegen gjennom byggjefeltet Storehaugen i retning Solund idrettspark. Frå idrettsparken tek du av på ein grusa turveg. Det er bratt stigning opp til Kystarboretet før terrenget flatar ut. Den grusa stien ender ved Kystarboretet. Der er det flott utsikt sørover mot Sognesjøen og dagsturhytta. Følg turstien i terrenget vidare sørover eit lite stykke til stiskille. Ta av mot høgre i retning dagsturhytta. Stien er i eit flott konglomeratlandskap med vekslande berg, myrar og lynghei. Fleire stader er der fint utsyn i alle retningar.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Opening hours

All Year
Daily
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages