Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Dagsturhytta i Viksdalen - Haugaro

Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro
Dagsturhytta Haugaro

Dagsturhytta i Viksdalen heiter Haugaro og er ein tur som passer for heile familien.

Dagsturhytta Haugaro i Viksdalen er ein lett tilgjengeleg perle som gir deg flott utsikt utan krevjande høgdemeter. Frå Viksdalen skule er det ein enkel og familievenleg tur på om lag 20 minutt til hytta, som ligg vakkert plassert i eit storslått landskap.

Dagsturhytte for alle

Dagsturhytta Haugaro passar perfekt for alle aldrar og ferdigheiter. Vegen til hytta er tilrettelagt slik at det også er mogleg å gå med barnevogn. For dei som toler litt humpete underlag, er det ein flott tur for heile familien. Arbeid med å forbetre tilkomstvegen og utvide parkeringsmoglegheitene nær hytta er på gang, slik at endå fleire kan oppleve hytta. For dei med nedsett rørsle er det også mogleg å køyre heilt opp til hytta.

Korleis finne fram til hytta

Dagsturhytta Haugaro ligg i nærleiken av Viksdalen skule, og turen startar det. Slik kjem du deg hit:

Frå E39, køyr mot Sande og ta av i krysset skilta mot Gaularfjellet

Følg fylkesveg 610 til du kjem til eit kryss, der du tek mot Førde

Etter om lag 2 kilomter kjem du til Viksdalen. Her svingar du til høgre, og Viksdalen skule blir ditt utgangspunkt

Fasilitetar i hytta

Hytta er utstyrt med nynorskbøker, peis og straum. Det er ikkje mogleg å overnatte i hytta

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Dagsturhytta i Viksdalen - Haugaro

Sider du nylig har besøkt