Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Dagsturhytta på Bømlo - Kurebu

Ta turen til den flotte dagsturhytta på Goddo på Bømlo. Hytta har fått namnet Kurebu!

Dagsturhytta Kurebu ligg på Goddo, i turområdet mot Barmane.


Turskildring

Frå parkeringsplassen er det 1,3 kilometer å gå - for det meste i kupert terreng. Her går du på sti. Landskapet på Goddo er ope, det er knausar, stein og myr. Det tar omlag 20 minutt å gå til hytta.


Tilkomst og parkering

Kjør på riksveg 5004 via Urangsvåg til Kinnastraumen bru (Goddebrua). Like over brua tar du til venstre og kjører omlag 250 meter mot Helgeplass. Parkeringsplassen ligg like over bakketoppen på høgre sida av vegen. Stien startar 40 meter før parkeringsplassen på same sida.

Du kan også padle kajakk frå friluftsområdet Barmane. Herifrå ser ein hytta på eit høgdedrag mot aust.


Fasilitetar

Det er både toalett, vedomn og straum.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Dagsturhytta på Bømlo - Kurebu

Sider du nylig har besøkt