Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Volda

Dagsturhytta på Grodås - Nakkebruna

Rett over Grodås sentrum finn du den populære dagsturhytta Nakkebruna.

Denne turen passar for dei fleste som klarer å gå litt i ulent terreng og bratte bakkar. Når du kjem opp blir du løna med flott utsikt over Grodås og Hornindalsvatnet. Denne turen høver seg også om det regnar. Då kan du gå inn på hytta og kose deg med ei bok og god nistemat.

Praktisk informasjon om turen

Følg vegen langs E39 til Grodås og ta av ved skilting til Stadion etter Hornindal kyrkje. Parkering er tilgjengeleg ved Hornindal skule, og det er også nokre få stader langs den kommunale vegen, der stien startar. Stien til hytta er berre eit steinkast unna Hornindal Rundt-løypa, og turen opp følgjer løypa.

Frå skulen følgjer du vegen på sørsida av skulen og kryssar gangbrua til Ytrehorn. Fortsett rett fram, kryss fv. 726, og gå gjennom eit gårdstun til ein kommunal veg. Følg vegen oppover bakken og ta til venstre ved merka løype mot Ytrehornsnakken og Otredalssetra. Stien vidare oppover er jamnt bratt og merka med kvite sirkler. Undervegs er det ei benk om du treng ei pause.

Om du ønskjer ein lengre tur, kan du halde fram på stien oppover mot Ytrehornsnakken og vidare til Gløvrefjellet.

Stien frå den kommunale vegen og oppover er ikkje tilpassa for rullestol, trille- eller barnevogn.

Hytta ligg omlag 190 meter over havet. Turen opp tek cirka 30 minutt i roleg tempo frå parkeringsplassen ved skulen. Det er 0,7 km ein veg.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

0

Dagsturhytta på Grodås - Nakkebruna

Sider du nylig har besøkt