Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Voss

Dagsturhytta på Klepp

Dagsturhytta på Voss ligg flott til på Klepp (600 m.o.h) på nordsida av Vangsvatnet. Dagsturhytta er gratis for alle, heile året. I hytta kan du eta matpakka di, varma (evt. tørka) kroppen ved peisen, og kosa deg med bøker frå hyttebiblioteket. Det er ikkje lov til å overnatte i hytta. Skadar eller andre feil på hytta kan meldast frå om til Innbygjarservice tlf. 56519400.

Korleis koma seg dit: Du kan koma deg til hytta ved å gå frå sentrum eller gå frå Hanguren. Det er skilta sti på Hangurstoppen og frå parkeringa på Heggjavad. Parkering Det er viktig at ein parkerer på parkeringsplassen på Heggjavad. Det er ikkje lov til å parkere langs vegen og på møteplassar. Hugs også å betala parkeringsavgifta. Tilkomst frå Mølstertunet: Frå Mølstertunet går du fyrst 30 meter på den T-merka stien mot Hanguren. Ved fyrste stikryss tek du til venstre og held fram på stien som går mot vest. Når du kjem til traktorvegen etter om lag 2 km tek du til høgre. Turen går vidare oppover på traktorvegen i om lag 2 km til du er framme ved Dagsturhytta. Turen er 4 km og har 450 meter stigning. Tilkomst frå Hangurstoppen: Følg skilt mot Dagsturhytta langs Grebbeløypa. I stikrysset Gråurdsdale, ta til venstre og følg skiltinga vidare til Dagsturhytta, cirka 2 km. Her er knallfin utsikt og koseleg nisteplass! Frå Dagsturhytta, fins det mange stiar til Voss sentrum. Sjå på kartet. Ein fin tur er å fylgja skogsvegen til venstre bak den raude hytta bak Dagsturhytta. Denne snor seg omlag 2 km nedover lia før du kan ta til venstre ned hovudstien mot Mølster og deretter vidare mot Voss sentrum. Tilkomst frå parkeringsplassen på Heggjavad: Køyr til Raugstad og vidare opp til Heggjavad (P-avgift). Frå parkeringsplassen går du nedover på bilvegen i om lag 400 m. Her tek du til venstre og går opp traktorvegen i om lag 2,2 km til du er framme ved Dagsturhytta. Traktorvegen er i bruk til skogsarbeid, vis hensyn. Turen er 2,6 km og har 270 meter stigning. Vis omsyn til beitedyra Det er beitedyr i området. Lat att grindene etter dykk og vis omsyn til dyra. Bandtvang Ta gjerne med hunden på tur til Dagsturhytta, men me minner om forskrifta for bandtvang som gjeld for Voss herad.

Kilde: Destinasjon Voss

0

Dagsturhytta på Klepp

Sider du nylig har besøkt