Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Dagsturhytta på Stord - Utsletteslottet

Ta turen til dagsturhytta på Stord. Her er det nydeleg utsikt mot både fjord og fjell.

Dagsturhytta på Stord ligg på Utslettefjellet i Sagvåg. Det er ca 1,2 km å gå frå parkeringsplassen til hytta, og det tar ca 1 time.


Tilkomst og parkering


Du kan parkere ved Nysæter idrettsplass på oversida av kunstgrasbanane ved Solidhuset (idrettshus).

Kjem du via E39, så tar du var på Heiane og køyr Sagvågsvegen ca 3,3 km (skilt mot bla. Stord Lufthamn). I Sagvåg tar du til venstre i rundkøyringa ved Rema 1000 og inn på Fitjarvegen. Etter 500 meter ta til høgre (skilta mot dagsturhytta). Køyr så 800 meter på Utslettevegen og du er framme ved skilta parkeringsplass.

Stien går bratt opp eit skår med delvis stein og jordbotn. Turen er på ca 200 høgdemeter fordelt på 1100 meter, så det er ganske bratt, - spesielt i starten. Etter kring 400 meter med stigning held ein høgre der det flatar ut og stien går over eit myrområde. Følg stien her i kring 600 meter før du tar til venstre opp moderat stigning dei siste 300 metrane til hytta.


Gode råd for turen til Utsletteslottet

Brukt godt fottøy, spesielt når det er vått. I starten av turen er det ganske bratt. Godt å snu seg å nyta utsikta og ta ein pust i bakken!


Lengd og tidsbruk

Det er kring 1200 meter å gå med rundt 250 høgdemeter inn til hytta. Turen tar om kring ein time om ein reknar god tid.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Dagsturhytta på Stord - Utsletteslottet

Sider du nylig har besøkt