Fitjar

Dagsturhytta på Fitjar - Tveitaslottet

  • Dagsturhytta i Fitjar ligg flott til
  • Eit flott mål for turen - Tveitaslottet
  • Stor terrasse rundt dagsturhytta
  • Tveitaslottet er innreidd med benker, bøker og ein hems.
  • Rundt hytta er det bygd platting. Flott å ta nista her!
  • Dagsturhytta Tveitaslottet er eit flott turmål.
  • Dagsturhytta Tveitaslottet ligg fint til i Fitjar
  • Besøk nettsiden

  • null

Til dagsturhytta Tveitaslottet er det ein fin skogstur som passar for heile familien.

Følg traktorvegen frå parkeringsplassen ved Dalshaugane. Det tar ca 30 minutt å gå opp til hytta.

Før du går inn i hytta må du ta av deg skoa. Våte ytterklede kan du henge utanfor.

Det er ein vedomn i hytta. Vil du bruke denne, må du ta med deg ved sjølv.

Dasgturhytta har eit nynorsk turbibliotek. Det er flest barnebøker på Tveitaslottet. Bøkene er til bruk på hytta.

Parkering

Du kan parkere ved Dalshaugane, mellom Årbø og Tveita.

Her finn du meir informasjon om dagsturhyttene på Vestlandet og korleis nytte dei. NB! Det er ikkje lov å overnatte i hyttene.

Kilde: Region Sunnhordland