Dagsturhytta | Selje

  • Moderne mørk trehytte - Dagsturhytta i Selje med store vindauge i ein furuskog, med blått tau spent mellom tre og ei tretrapp ved inngang..
  • Send oss en epost

  • 57 88 58 00

Frå dagsturhytta får du ei fantastisk utsikt mot Selje sentrum, Seljesanden, Selja, Stadhalvøya og Stadthavet.

Dagsturhytta Sjøglytt ligg i Stad kommune. Hytta ligg på Risnakken, rett ovanfor Selje sentrum.
På Risnakken er det også utandørs treningsapparat, ein gapahuk og leikeområde.

Hytta ligg på om lag 135 moh. Turen opp tek 10 - 30 minutt avhengig av tempo.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

Kilde: Nordfjord